Hopp til innhold

Aksel Hennie gjekk glipp av Amanda-avduking

I dag skulle Aksel Hennie delta på avdukinga av sin eigen Amanda-stein på «Walk of fame» i Haugesund, men på vegen vart han kidnappa av kompisane sine.

 Aksel Hennie ble kidnappet av flere kompiser lørdag morgen, og fikk ikke deltatt på avdukingen av sin egen Amanda-stein på walk of fame i Haugesund.

Aksel Hennie ble kidnappet av flere kompiser lørdag morgen, og fikk ikke deltatt på avdukingen av sin egen Amanda-stein på walk of fame i Haugesund.

– Eg er over meg takknemleg for å bli valt ut til å få ein stein i «Walk of fame», seier Hennie i ein video til arrangøren.

I videoen er han på reisefot, men ikkje til avdukinga i Haugesund.

– Som dykk ser er eg på reisefot. Tusen takk for at eg skal få ein stein i ei gate i ein by i Noreg. Det er eg utruleg takknemleg for, seier Hennie.

Kompisane hans kidnappa han til sitt eige utdrikkingslag.

Heier på kjærleiken

– Vi synest det er veldig leit at Aksel Hennie ikkje kunne kome til Haugesund for å ta imot denne heideren likevel. Det er sjølvsagt ein føresetnad at mottakaren av denne æra er til stades under avduking, så Aksel kom i ei ordentleg knipe i dag tidleg. Vi håper likevel han får eit fantastisk utdrikkingslag, og vi heier så klart på kjærleiken, skriv festivaldirektør Tonje Hardersen i ei pressemelding.

– Kjempetrist

I tillegg til Aksel Hennie, vart også Anne Marit Jacobsen heidra med Amanda-stein på Haugesund sin "Walk of fame" i dag.

– Dette er ein vedunderleg måte å bli tråkka på, seier Anne Marit Jacobsen.

Amanda-stein Anne Marit Jacobsen

Heidra: Anne Marit Jacobsen fekk i dag sin eigen Amanda-stein i Haraldsgata i Haugesund. – Dette er ein vedunderleg måte å bli tråkka på, seier Jacobsen.

Foto: Elizabeth Huanca Vold / NRK

– Det er kjempetrist at Aksel Hennie ikkje kunne kome i dag. Han vart kapra på anna vis, og lykke til med det, seier Jacobsen.

I tillegg til Aksel Hennie og Anne Marit Jacobsen, har også Kristoffer Joner, Ane Dahl Torp, Liv Ullmann, Jakob Oftebro, Pia Tjelta, Bjørn Sundquist, Toralv Maurstad og Agnes Kittelsen kvar sin Amanda-stein i Haraldsgata i Haugesund.