«Hakekors-flyet» er det einaste Leidulf Heskje får fly akkurat nå

Norwegian-fly står parkerte, medan eit gamalt fly med fortid frå Nazi-Tyskland er meir i lufta enn elles. Sjå bilda frå korleis koronakrisa har snudd opp ned på Stavanger lufthamn.

Leidulf Heskje trillar ut sitt Fieseler Fi 156 «Storch»

Flyentusiast og samlar, Leidulf Heskje, trillar ut veteranflyet sitt for dagens flytur.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Tunge hangardører glir frå kvarandre på ein solrik maidag.

Inne i hangaren står det som truleg er landets mest eksklusive samling med veteranfly. Inst står ein Spitfire og ein Mustang, to av andre verdskrigs mest kjende ikon.

Vanlegvis ville flya vore i lufta på ulike flystemne på denne tida. Men koronakrisa har sett dei gamle krigarane på bakken.

Mekanikarane som skal gi dei den årlege luftgodkjenninga held til i England og Danmark. Ingen veit når dei får sleppa inn i landet for å fiksa og godkjenna privatfly.

– Eg sjekka med Sola kommune om mekanikarane kunne komma hit, mot at dei berre oppheldt seg i hangaren, men dei sa nei, fortel Heskje som er med og eig hangaren.

– Det var visst ikkje samfunnskritisk, og det må eg jo ver einig i.

Leidulf Heskje i veteranflyet sitt

Under koronapandemien har Leidulf hatt luftrommet meir for seg sjølv.

Fieseler Fi 156 «Storch»

Beskjedane frå tårnet blir notert på vindauga.

Leidulf Heskje

Leidulf Heskje sjekkar at alt er bra med flyet etter dagens flytur.

Veteranfly på Stavanger lufthavn Sola

Dei andre veteranflya må stå parkerte til ein sertifisert mekanikar frå utlandet har godkjent dei. Dermed kan det ta lang tid før dei er i lufta igjen.

Mekkebord inne i hangaren til Leidulf Heskje

Det blir ikkje mykje mekking utan kvalifiserte mekanikarar i hangaren.

Leidulf Heskje

For Leidulf handlar det om å ha flya sine mest mogleg autentiske. Derfor har han hakekorset på. Han bruker likevel kvit teip for at det ikkje skal vera heilt likt eit ekte hakekors.

Leidulf Heskje sin hangar på Stavanger lufthamn Sola

Norwegian sine fly står parkerte like ved hangaren til Leidulf.

Lufta for seg sjølv

Heskje hadde likevel sikra seg ei godkjenning før Noreg stengde ned.

Det var til ein av dei største skattane i samlinga, ein Fieseler Storch frå 1942.

– Det var heilt tilfeldig at eg fekk denne godkjenninga før koronasituasjonen, men det har gjort at dette er det einaste flyet eg nå kan bruka til trening og rekreasjon, seier mannen som både samlar på eldre bilar og eldre fly.

Det gamle rekognoseringsflyet fekk han kjøpt frå England i 2016, og det er malt i dei same fargane det hadde under krigen, med eit digert hakekors på sideroret.

– Det skal vera mest mogleg autentisk, og då må det vera på plass. Men det skal ikkje meir til enn nokre strimlar med teip for å endra hakekorset. Alle ser at det er eit hakekors, men med teipen så er det ikkje det, fortel flyeigaren.

Han understrekar at det er lovleg å fly flyet slik, men då flyet kom til Noreg, via Frankrike og Tyskland, måtte hakekorset dekkast heilt over.

Flyet er ekstremt sjeldan og er ein skatt i samlinga til Heskje.

– Det finst berre 12 flygedyktige fly av denne typen i heile verda. Originalt blei det laga 2900 eksemplar, seier han.

Den snart 80 år gamle maskinen hostar litt motvillig då Leidulf startar flyet, men etter litt nøling durar den store v-åttaren, og den store trepropellen gjer at flyet kan takse frå hangaren til rullebanen.

Kort tid etter er han nesten heilt aleine i luftrommet over Jæren.

Parkerte gigantar

Når Heskje kikkar ned på flyplassen frå lufta ser ein fort at det er ein flyplass der lite er normalt.

Du har parkeringshuset som delvis kollapsa etter brannen i januar, og du har svære Norwegian-fly som står parkerte i sørenden.

Stavanger lufthavn er eit stort anlegg med mykje plass. Det er derfor mange av Norwegian sine fly hamna her då dei skulle setjast på bakken.

Ein kan telja elleve stykk av superflyet 787 Dreamliner og 16 av typen 737–800.

Parkerte Norwegian-fly på Stavanger lufthamn Sola

Frå lufta er det lett å sjå at ting ikkje er som vanleg på flyplassen.

Parkerte Norwegian-fly på Stavanger lufthavn Sola

Her står fly for enorme verdiar.

Golfbanen har opna, men Norwegian sine fly er ennå parkerte som følgje av koronapandemien

Norwegian sine parkerte fly er godt synlege i det flate jærlandskapet.

Parkeringshuset på Sola

Parkeringshuset står framleis delvis kollapsa etter brannen, men dette skulle visa seg å bare bli ein av ei rekkje dårlege nyheiter for flyplassen i 2020.

Det er leasingselskap som eig flya. Dei har fått parkera gratis, men nærleiken til havet gjer at dei jamleg må vaskast og startast opp av teknikarar som steller med flya mens dei står på bakken.

Ein 787 er verdt om lag 800 millionar kroner, medan ein 737 kostar det halve.

I alle fall var dette prisen før flyverda blei ramma av koronakrisa.

Tapar pengar

Det er ikkje langt frå hangaren til Leidulf Heskje ved dei parkerte flya til kontoret til lufthamnsjef Anette Sigumdstad i terminalbygninga på Sola.

Ho er nokså ny i jobben, og fekk den katastrofale brannen i parkeringshuset på flyplassen i januar, rett i fanget.

Det var den som skulle gjera 2020 til eit dårleg år for flyplassen, men det skulle bli verre.

– Det er nokså uverkeleg å gå rundt her i terminalen utan å sjå eit einaste menneske. Ho fortel om då ho kom på jobb dagen etter at lufthamna var stengt, og det ikkje gjekk fly.

Stengt taxfree på Sola

Pengemaskinen på utanriksterminalen er stengt.

Heile utanlandsterminalen er stengt

«Alt blir bra!» står det på ein plakat klistra opp på butikkgitteret.

Sikkerhetskontrollen på Sola

Heller ikkje i tryggleikskontrollen er det mykje som skjer.

Glenn Fardal har rolege dagar i tryggleikskontrollen

Glenn Fardal kan melda om rolege dagar.

Ei av dei som fann det nødvendig å ta fly

Anna Dale og babyen Josefine er nokon dei få me treffer på flyplassen som skal reisa privat. Ho skal flytta til Austlandet, og tar flyvegen for å få ein raskare tur.

Reinhaldarane har ein viktig jobb på flyplassane

Reinhaldsarbeidar Inese Kapustina er einsam i gangane på innanriksterminalen.

Overalt er det skilt som oppfordrer reisande til å ikkje sitja for tett

På plakatar blir reisande oppfordra til å halda avstand.

Restaurantane er stengde

Dei fleste plassane der ein kan kjøpa mat er stengde.

Ein Narvesen-kiosk har valt å halda ope, men det er rolege dagar på jobb kan Kyle Robert Quiroz bekrefta.

Denne Narvesen-kiosken har likevel vore open heile tida. Men det er ganske døydt, seier Kyle Robert Quiroz.

Taxi-kø utanfor Stavanger lufthavn Sola

Utanfor flyplassen må taxisjåførane ofte venta på to timar for å få ein tur. Og det er i dei aller fleste tilfella offshore-arbeidarar som er kundane.

– Eg er jo vand med at det er eit yrande liv her både når eg kjem på jobb og når eg går for dagen. Det var som om alle hadde reist og eg var siste mann igjen.

Koronakrisa har treft norske flyplassar knallhardt. Avinors flyplassar melder om ei passasjernedgang i april på heile 91 prosent samanlikna med 2019-tal.

Flyavgangane innanriks skal ha gått ned 54 prosent, medan internasjonale avgangar skal ha falt med 93 prosent.

I denne grafikken frå Flightradar24 kan ein samanlikne flytrafikken i Europa 7. mars, med flytrafikken 7. april.

Europa 7. april
Europa 7. mars

Slik visualiserer Flightradar24 den heftige reduksjonen i flytrafikk.

Grafikk: Flightradar24

På Stavanger lufthavn har dei våre godt vande med å vera av dei som bidrar med pengar inn i Avinor-konsernet, no er dei avhengig av statleg støtte og varsla dei tilsette om at dei kan bli permitterte.

Det er ikkje berre den kraftige nedgangen i talet på flygingar som gjer at dei slit. Ein stor del av inntektene kjem frå parkeringsavgifter, sal frå butikkane og restaurantane på flyplassen.

Verst er det at det ikkje lengre går fly til og frå utlandet, då må den svært lukrative taxfree-butikken halde stengt. Widerøe har starta opp med flygingar til Aberdeen, og fleire andre aktørar har varsla at dei kjem til å starta opp i juli. Men framleis rår UD folk til ikkje å reise utanlands frem til minst 20. august.

Det betyr tap i milliardklassen for Avinor, som fekk 4,7 milliardar kroner i ekstraløyvingar i revidert statsbudsjett.

Anette Sigmundstad

Anette Sigmundstad har hatt ein tøff start i den nye jobben som lufthamnsjef på Sola. Først storbrann i parkeringshus, deretter koronakrise.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ikkje alt er stengt

Men det er ikkje berre stengde dører på flyplassen. Staten betaler for at SAS, Norwegian og Widerøe flyr nokre innanriksruter, så det er litt flytrafikk.

Men på helikopterdelen er det svært travelt.

Her har oljeselskapa auka talet på flygingar sidan det er langt færre som får plass i helikoptera no som det er innført strenge smitteverntiltak.

Derfor er det eit yrande liv i helikopterterminalen, sjølv om det merkes at det er innført strenge tiltak for å hindre smitte blant dei reisande.

Helikopter svever over parkerte Norwegian-fly

På grunn av at det kan vera færre passasjerar i kvart helikopter er det nå fleire helikopter i lufta enn vanleg.

God stemning på helikopterterminalen på Sola. Øystein Sule sit til venstre i bilde

Derfor er ting nesten heilt som normalt her på Heliporten på Sola.

Helikopterinnsjekk

Her kjem folk som skal ut på oljeplattformar i Nordsjøen.

Lars Andreasen jobbar offshore, og flyr derfor både rutefly og helikopter for å koma seg til og frå jobb.

Lars Andreasen jobbar for Maersk drilling og må både bruka rutefly og helikopter for å koma seg på jobb.

Bjørn Arild Bregård og Gorm Austvik

Taxisjåførane Bjørn Arild Bregård og Gorm Austvik er glade for at det ennå er aktivitet i helikoptertrafikken. Dei seier at åtte av ti passasjerar jobbar offshore.

Alle som kjem inn i avgangshallen blir intervjua av vektarar som vil vite om du har vore utanlands eller kjend på symptom på smitte.

Flyselskapa i Noreg har fått kraftig lette på avgiftene dei må betale for å fly i Noreg, men dette gjeld ikkje for offshorehelikoptera.

Dermed betyr det at det kjem pengar inn til den slunkne kassa i Avinor.

Lengtar etter normalen

Tilbake i lufta svingar Leidulf Heskje flyet inn mot rullebanen på Sola, han er nokså aleine i lufta for tida.

Til vanleg er det kø både for å landa og ta av på flyplassen, men no kan han nesten fly som han vil.

Rett nok må han før kvar flyging få ein avtale med tårnet på Sola, men det har ikkje våre noko problem dei siste månadane.

– Jo, det er kjekt det. Men eg lengtar tilbake til det normale, når flya går og folk er i jobb. Ein gong blir det jo normalt igjen, sjølv om ikkje alt blir som før, avsluttar Heskje.

Det tyske flyet blei bygd for å kunna ta av og landa på ekstremt korte flater. Han bruker berre ti meter frå hjula har bakkekontakt til flyet står heilt stille. Dette er finessar han skulle vist fram på to norske flystemne i år og eitt i Sverige og eitt i Danmark. Men alt er avlyst.

Luftfartsanalytikarar har sett ei stor og feit strek over 2020, og trur heller ikkje at 2021 blir eit normalt år. Først i 2022 forventar dei ei tilstand i luftfarten som kan likna på 2019.

Status Norge

Sist oppdatert: 03.07.2020
8895
Smittet
14
Innlagt
252
Døde