Akademisk superstjerne til Stavanger

Folk reiser heilt frå Australia for å oppleva den store tyske tenkaren Jürgen Habermas på Universitetet i Stavanger i morgon.

Jürgen Habermas

Jürgen Habermas blir rekna for å vera ein av vår tids store tenkarar. I morgon besøker han Universitetet i Stavanger.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Det er ingen kven som helst i det akademiske miljøet som kjem til Stavanger i morgon.

Statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger legg ikkje skjul på si begeistring.

– Han er rekna for å vera den viktigaste filosofen og samfunnstenkaren som lever i dag.

Svein Tuastad, statsviter på Universitetet i Stavanger

Svein Tuastad, statsvitar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dersom me hadde hatt ei kåring blant akademikarar om kven som er den viktigaste samfunnstenkaren og politiske teoretikaren i dag, hadde i alle fall eg stemt på han, seier Tuastad.

85 år gamle Habermas skal halda føredrag om demokrati i Europa på Universitetet i Stavanger klokka 12.15 i morgon. Forelesinga er open for alle.

– Er det som om Kant eller Descartes hadde kome til Stavanger tidlegare?

– Det synst eg er ei veldig god samanlikning, spesielt Kant. Det er nokre filosofar kvart hundreår som kjem inn på filosofipensum om 200 år. Og kven gjer det av dei som lever i dag? Jo, Habermas er ein av dei, svarer Tuastad på sitt eige spørsmål.

Holbergprisen er grunnen til at den tyske stjernefilosofen kjem til Stavanger. Universiteta fordelte tidlegare prisvinnarar seg imellom til å besøka dei ulike studiestadane, og rektoren i Stavanger ville gjerne ha Habermas.

Den tyske filosofen blei tildelt Holbergs internasjonale minnepris i 2005.

Det blir også ope seminar med Habermas på fredag.