Boda blir opna i dag
Agder Energi er verdsett til mellom 14 og 15 milliarder kroner. - Ein spanande dag når boda blir opna, seier informasjonssjef Ragna Marie Henden i Agder Energi.
Største energihandel nokon gong
Før sommarferien skal det heile avgjerast. Dette kan bli den største energihandelen nokon gong her i landet. Agder Energi produserer årleg 8 TWH, 8 milliardar kilowatt-timar som er 7 % av samla norsk straumproduksjon - og Agder Energi har nær 150.000 straumkundar.
Konsesjonslov kan hindra Electrabel
Belgiske Electrabel kan få eit problem med sitt bod, fordi norsk konsesjonslov set grense på 33% utanlandsk eigarskap i norske energiselskap - Dersom då ikkje Electrobel slår seg saman med den andre bydaren - Lyse Energi.
Lyse + Agder
Lyse Energi ønskjer primært ein storfusjon mellom Lyse og Agder, men kjøper gjerne aksjane av dei kommunane som vil selja. Lyse pluss Agder kan dermed bli den nest største straumaktøren på den norske marknaden - etter Statkraft.
Slaget mellom Lyse og Statkraft
Truleg kjem slaget til å stå mellom nettop - Lyse og Statkraft. Statkraft sitt bud på Agder Energi kjem samstundes med at Statkraft ber Stortinget om meir pengar for å veksa seg større. Saksordførar for denne saka i Stortinget er venstres Gunnar Kvassheim.