Hopp til innhold

Advokat i Mattilsynet sitt søkelys

Saka om uforsvarleg stell av 40 hestar i Sirdal tar ei ny vending. Nå er også advokaten til dei tidlegare heste-eigarane i Mattilsynet sitt søkelys for uforsvarleg dyrehald.

Avmagrede hester i Sirdal

Ein av hestane som Mattilsynet henta frå garden i Sirdal.

Foto: Tipser

– Me er i alle fall uroa for evna eller viljen til å ta vare på dyra.

Dette seier avdelingsleiar i Mattilsynet Sør-Rogaland, Odd Ivar Berget, etter at tilsynet den 8. februar var på sitt foreløpig siste besøk i driftsbygninga til advokaten.

Odd Ivar Berget

Odd Ivar Berget er avdelingsleiar hos Mattilsynet i Sør-Rogaland.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det var ei vitjing der folk frå Mattilsynet hadde med seg politiet.

– Jo, det er ekstraordinært, men det er noko Mattilsynet må nytte seg av i dei tilfella der me har vanskar med å få tilgang til driftsbygninga, seier Berget.

Advokaten kjenner Mattilsynet

I fjor haust tok Mattilsynet i Sør-Rogaland eit 40-tals hestar frå eit gardbrukarpar i Sirdal kommune. Det skjedde fordi paret ikkje gav fleire av hestane skikkeleg stell og nok mat.

Ein av hestane på garden i Sirdal blir frakta vekk

Ein av hestane på garden i Sirdal, som blei frakta vekk hausten 2016.

Foto: Privat

Nå har denne saka tatt ei ny vending, for det er advokaten til heste-eigarane, som har kome i Mattilsynet sitt søkelys.

Også denne gongen dreier det seg om sjuke og avmagra dyr, men nå er det ikkje hestar, men storfe det handlar om.

Det er ein okse, som er så avmagra at Mattilsynet krev at den blir avliva. I tillegg er det ein annan svært tynn okse og ei ku med infeksjon i den ein klauva.

– Eg er ikkje kjent med om oksen alt er avliva, men vedtaket vårt var at det skulle skje innan den 20. februar, seier avdelingsleiar i Mattilsynet Sør-Rogaland, Odd Ivar Berget.

Bakparten på ein tynn og liten okse på sida av ein mykje større

Den tynne oksen, som Mattilsynet krev avliva står til venstre på bildet.

Foto: Mattilsynet

Skal svara tilsynet

NRK Rogaland har vore i kontakt med advokaten, som ikkje vil kommentera Mattilsynet sitt tilsyn på garden sin.

Advokaten meiner at tidspunktet for å svare gjennom media nå, ikkje er det rette, men varslar at det kjem eit svar til Mattilsynet innan fristen.

Ikkje første gong

Første gongen Mattilsynet var på tilsyn på garden til advokaten var i mai 2007. Etter det har det blitt fleire kontrollar. Etter den foreløpig siste i februar i år, skriv Mattilsynet sin representant i tilsynsrapporten dette:

Mattilsynet meiner derfor at De ennå ikkje har nok kompetanse til å drive med matproduksjon på dyr.