Adele (19) overlevde fallskjermulukke

Ho fekk hjernebløding, bitar av tennene falt av og hud blei skrapa opp i det første fallskjermhoppet hennar. Snart vil ho hoppa igjen.

Adele Almund

IKKJE SKREMT: Når Adele Almund kjenner seg frisk nok ser ho fram til nye fallskjermhopp.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Hoppet og svevet gjekk heilt fint, men då eg skulle landa kom eg nær ein låve. Det siste eg hugsar er at eg i panikk prøvde å styra unna, fortel 19 år gamle Adele Almund frå Sauda om den dramatiske fredagen for ein månad sidan.

Ho trefte ikkje låven, men dundra ned i bakken med hovudet først.

Laster Twitter-innhold

Kort tid etter var luftambulansen der, og tok Adele med seg til Stavanger universitetssjukehus.

Ho hadde hjernebløding, var forslått, hadde knekte tenner og ho såg dobbelt. Men ho var heldig

Adele Almund

Få dagar etter fallskjermulukka i Søredalen i Sandnes 12. april i år tok Adele dette bilete av andletet sitt.

Foto: Privat

– Eg brakk ikkje nakken, det var bra. Dessutan hadde eg hjelm, viss ikkje hadde eg nok vore død nå, seier Adele, som først fortalde historia til lokalavisa Ryfylke.

– For låg sving

For Adele hadde det lenge vore ein draum å hoppa aleine i fallskjerm, og heile veka hadde ho vore på kveldskurs med Stavanger fallskjermklubb. Fredag skulle kurset avsluttast med det første hoppet hennar.

I rapporten til forbundet har klubben forklart kva dei meiner gjekk gale.

– Det var ein ung og uerfaren hoppar som gjorde ein for låg sving og fekk dermed ikkje bremsa opp skjermen så mykje som ein skal før landing, seier Jan Erik Wang som er fagsjef i fallskjermseksjonen i Norges luftsportforbund.

Sjølv om dette er ein førebels konklusjon, så understrekar Wang at ein komite skal gå gjennom rapporten, og vurdera om noko burde blitt gjort annleis frå klubben si side.

Komiteen går gjennom alle hendingar der lege må tilkallast i samanheng med fallskjermhopp. Statistikken viser at det har blitt fleire slike hendingar dei siste åra.

Ifølgje Wang skuldast oppgangen enklare rapportering, og at det skjer fleire hopp enn tidlegare.

Vil hoppa på ny

Når NRK treff Adele ser ho framleis dobbelt, men har allereie byrja å tenka på neste hopp, sjølv om mora ikkje er spesielt glad for det.

– Det var så gøy å hoppa at eg garantert kjem til å gjera det igjen. Det gir eit adrenalinkikk, og eg liker tanken på å gjera noko som er så naturstridig som å hoppa ut av eit fly, seier ho.

– Er du ikkje redd for kva som kan skje?

– Nei, for eg forstår kva eg gjorde feil. Eg gjorde ein tabbe som eg har lært av, seier ho.

Instruktøren hennar, Christian Tjelta, er imponert over innstillinga til Adele.

– Eg synest at det er tøft av henne å ønska dette etter å ha skada seg. Det er fort gjort å bli skremt. Fallskjermhopping er ein risikosport, der det er viktig at me har fokus på å gjera det trygt og sikkert for alle.