Slik skal bandet lura Morten Abel med på fleire Mods-konsertar

Etter ein fullsett stadionkonsert i helga vil bandkollegaene til Morten Abel ta utradisjonelle metodar i bruk for at det skal bli fleire konsertar.

Video Mods konserten

SJÅ VIDEO FRÅ KONSERTEN: Etter Stavanger-bandet Mods samla 25.000 publikummarar til reunionkonsert på Viking stadion laurdag, har bandet sagt at det er opp til Morten Abel om det blir fleire Mods-konsertar.

Kva er det Mods frå Stavanger klarer, som verken REM, Bob Dylan, Bryan Adams, Roger Waters eller fotballaget Viking har klart før dei? Svaret er å samla 25.000 elleville fans til Viking stadion.

Bandet vil meir

Trass suksesskonserten på laurdag, er det høgst uvisst om det sugne publikumet får sjå meir av bandet som herja oljehovudstaden på 80-talet. Og det heile står på vokalist, og frontfigur, Morten Abel.

– Det er nokre av oss som har veldig lyst å gjera meir nå, men det står på Morten, sa gitarist i Mods, Tor Øyvind Syvertsen, til NRK.no like etter konserten laurdag.

Derfor seier han at bandet nå vil ta drastiske metodar i bruk for å få med Abel på fleire konsertar.

– Me har funne ut at me skal øydelegga alt materiale til det nye soloalbumet hans. Då skal me nok sjå at han kjem krypande, spøkjer gitaristen.

Men Syvertsen slår raskt om frå spøk til alvor.

– Nå må me klara å overbevisa han om at dette ikkje er dumt, og at det er verd å satsa på, seier Syvertsen.

– Heia Mods!

Hovudpersonen sjølv, Morten Abel, har uttalt til VG Nett at han trur stadionkonserten blir det siste Mods gjer saman, er ikkje like avvisande ovanfor NRK like etter konserten er over.

– Blir det meir Mods Morten Abel?

– Heia Mods! Heia Mods, er det einaste kryptisk svaret vokalisten, som nett har sunge for 25.000 fans, er villig til å gje.

Video 0065ff9d-bf78-4988-9b57-d2ef077998a0.jpg

Video frå Mods-konserten laurdag.