NRK Meny
Normal

ABBA-koret manglar Benny-ar

Om lag 200 har meldt seg på for å bli med i eit prosjektkor som skal tolka ABBA-songar i Kuppelhallen i Stavanger. Men koret treng meir mannfolk!

Abba-kor på Hamar

På Hamar var det 180 kormedlemmer som framførte Abba-songar i eit tilsvarande prosjekt som i Stavanger.

Foto: Erland Dalen / Privat

– Det er veldig kjekt at me har treft så mange med dette, men me må ha med fleire menn.

Det seier Borghild Kyllevik, som er ein av initiativtakarane til etableringa av prosjektkoret ABBA.

Benny Andersson er glad for at amerikanske radiolyttere nå får en skikkelig ABBA-dose via eteren.

Prosjektkoret har for få Benny-ar.

Foto: TANNIS TOOHEY / Scanpix/AP

– Det er i dag drygt 20 menn påmelde, og me vil gjerne ha mange fleire Benny-ar, seier ho.

Benny Andersson var han med skjegg, som trakterte pianoet, og den mest tilbaketrekte av medlemmene på scenen.

ABBA betre enn Liverpool

– Gutar og menn, nå må de kasta dykk utpå, seier musikalsk ansvarleg Erland Dahlen.

Han er klar over at kvinnene tradisjonelt er meir kulturinteresserte, og raskare melder seg på slike prosjekt, men han meiner at menn kan dra nytte av ei slik erfaring, også utover det songtekniske.

ABBA

ABBA gjorde sitt siste felles studio-opptak i 1982, men musikken deira lever ennå i 2017.

Foto: arkiv / AP

– Hugs gutar, det hjelper ikkje å kunne lagoppstillinga til Liverpool når du skal kommunisera med damene, seier ein smilande Erland Dahlen.

Blant dei som har meldt seg på er det alt frå førstereisgutar og -jenter til songarar med lang erfaring, ungdom og godt vaksne.

Nærmar seg øvingsstart

 Borghild Kyllevik, Martha Rise og Erlend Dalen, som tre av fire Abba-medlemmer

Borghild Kyllevik, fremst, Martha Rise og Erlend Dalen, som tre av fire Abba-medlemmer.

Foto: Privat

Øvingane startar til hausten, med to helger før jul og to helger etter jul. Konsertane i Kuppelhallen blir 9. og 10. mars i 2018.

Det blir ei profesjonell oppsetting i Stavanger med solistar, band, lyd og lys.

Dei som står bak er Borghild Kyllevik, som til dagleg syng i Kor på Randen, songpedagog Martha Rise og musikalsk ansvarleg Erland Dahlen.

Sistnemnde har gjort ABBA med stor suksess fleire stader i Norge.