Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Å fly i desse tider Av og med Egil Johan Ree (RealPlayer 2:35, 16Kbps)
bin Laden eller kven det nå måtte vera, har sett støkk i oss alle. Det er ikkje kjekt å tenkja på alle dei uskuldige som sat i ulykkesflya i USA. At mange kvir seg for å fly, kan ein godt skjøna. Reiselivsbransjen melder at svært mange avbestiller ferieturane sine. Dei modige kan få billege turar i desse dagar. Flyselskapa seier opp folk og legg ned ruter.
Fly til Armenia
Også i Norges Fotballforbund er dei blitt urolege. Landslaget skal til Armenia og spela kamp, og då må laget reisa med fly. Det blir litt tungvint å reisa på annan måte, for Armenia ligg ganske langt borte. Rett nok eit godt stykke frå bin Laden og Afghanistan, men heilt nede i nærleiken av Tyrkia og Iran. Landet er med andre ord omgitt av muslimar på nesten alle kantar, og kva kan ikkje muslimar finna på i desse dagar, har dei vel tenkt i fotballforbundet. For jamvel om armenarane er eit relativt fredeleg folk som har halde seg med ei kristen kyrkje lenger enn dei fleste andre, må landslaget fly over fleire urolege, muslimske område. Og var det ikkje nettopp Armenia som vart utsett for det første store folkemordet i nyare tid då tyrkarane slo i hel mange hundre tusen, kanskje over ein million armenarar.
Ingen sjansar
Fotballforbundet tar ingen sjansar og har difor tatt kontakt med både Utanriksdepartementet og UEFA for å spørja om det ikkje er tryggast å ta ut krigsforsikring for fotballspelarane. Det kostar mange pengar, men nå som det ser ut til at forbundet kan få nokre tilleggsmillionar frå NRK og TV2, kan dei vel saktens spanderal på seg litt ekstra.
Kikka på kartet
Dagbladet meiner at forbundet burde tatt kontakt med sin gamle landslagstrenar Drillo som er hobbyekspert på geografi og som difor kunne fortalt at Armenia ligg eit godt stykke frå bin Ladens territorium. Men generalsekretær Karen Espelund i fotballforbundet fortel at dei faktisk har kikka på kartet, så då får vi tru at forbundet byggjer si risikovurdering på solid grunnlag.
Egil Johan Ree
Trygt å fly
Ei anna sak som turistar og fotballfolk i farten kan koma til å gløyma, er at med alle dei tiltak som flyselskap og styresmakter har sett i verk etter tragedien i USA, så har det kanskje aldri vore så trygt å fly som nettopp i dag.