Hopp til innhold

«Suvenirar» tilbake i Dublin etter 1200 år på Haugalandet

I desse dagar held på ei utstilling i Dublin i Irland, som Arkeologisk museum i Stavanger står bak.

Det dreier seg om plyndra gjenstandar og smykke frå irske kyrkjer og kloster som hamna i kvinnegraver på Haugalandet i vikingtida. 1.200 år seinare er dei nå tilbake i den Irske hovudstaden.

Fleire av funna er gjort i Sandeid og Vikedal i Vindafjord.

– Dette var den tids suvenirar, som vikingane tok med seg tilbake frå turar i utlandet, seier førsteamanuensis Håkon Reiersen til Haugesunds avis.