NRK Meny
Normal

Går til kamp mot hundebæsj-syndarar

Små skilt med tekstar som «#Bæsjtag», «Dritlei», «Ensom og forlatt» og «Trist som f**n» prydar hundebæsjar på Hundvåg i Stavanger. Bak står ei småbarnsmor som har sett seg lei på at hundeeigarar ikkje plukkar opp etter seg når hunden har gjort sitt.

Gå til forsiden

«Operasjon drolt»

Operasjon Drolt

«Operasjon drolt»

37 bilder

    Sjå alle bileta i galleriet ovanfor. Men du vil kanskje legga vekk maten før du blar vidare.

    «Operasjon drolt», eller «operasjon hundebæsj» for dei som ikkje kjenner siddisdialekta så godt, er starta av Solveig Hammonds på Hundvåg i Stavanger. Enkelt og greitt tek ho kampen mot hundebæsj i nærmiljøet på ein kreativ måte.

    Ho set nemleg ned små skilt med ein liten tekst i dei mange hundebæsjane, eller droltane, ho finn når ho er ute på tur i Kuvika, der ho bur.

    «My poops are okay?»

    – Det er eit resultat av at eg gjekk mykje tur i barselpermisjon i vinter. Eg såg at det var veldig mykje hundebæsj over alt. Eg trødde i dei, trilla vogna i dei og byrja å bli litt irritert.

    Solveig Hammonds

    DROLTEAKSJONIST: Solveig Hammonds

    Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

    – Eg veit ikkje kor det kom ifrå, men eg tok fram eit par grillpinnar, frysetape og sprittusj, og så laga eg skilt for å setja på desse her som ein beskjed til dei som ikkje plukkar opp etter seg. Og litt for morosamt, sjølvsagt.

    På skilta kan ein lesa blant anna «R.I.P.», «Love me or leave me», «All natural», «I'm free», «shit!», «utedo<3», «Fyttigrisen», «Skamme seg» og mange, mange fleire små beskjedar.

    Plikt å plukka opp etter hunden

    I lova står det følgjande om klart at hundeeigarar pliktar å plukka opp etter seg når hunden trer av på naturens vegner.

    – Det tek hundeeigarane berre eit par sekund å plukka opp, men for oss som trør i dette så tek det kanskje ein halvtime å gjera reint, seier Hammonds.

    Operasjon drolt

    DROLT SØKER EIGAR: Hello?! Is it me you're looking for?

    Foto: Solveig Hammonds

    I tillegg til aksjonen med bileta på Facebook, har ho samla bileta i ei fotobok. Den har ho sendt til parksjefen i Stavanger kommune.

    – Eg vil slå eit slag for nærmiljøet mitt. Eg vil ikkje ha det slik at eg må sjå ned på bakken, eg vil nyta den idylliske plassen eg bur på og ikkje vera uroa for å tråkka i drit.

    – Uansett om me finn éin eller ti så tenkjer eg at det er unødvendig, seier Kurt Idland, dagleg leiar i Stavanger park- og idrettsservice.

    Dei prøver å gjera hundeeigarane merksame på plikta deira, og dei set opp boksar med hundeposar rundt om kring.

    – Eg syns det er litt synd at ein må ha ein aksjon i det heile tatt. Det er synd at eigarane ikkje tek ansvar. Men det er ein veldig fin måte å ta tak i problemet på. Det er morosamt, og det gjer hundeeigarane merksame på ansvaret dei har, seier han.