Hopp til innhold

– Kan boka vera fleire stader samstundes, eller er ho veldig rask?

Denne diktsamlinga dukkar opp på bilete frå heile verda. – Boka har mellom anna vore på ein tanks i Afghanistan og i eit krematorium i Malmö, fortel forfattaren, Helge Torvund.

Kor er Alabama?

Øvst frå venstre: Coney Island i New York, Revierhavnen i Oslo. Nedst frå venstre: Ved elva Spree i Berlin, eit krematorium i Malmö.

Foto: http://alabamareiser.tumblr.com/

Helge Torvund

Helge Torvund er poet, psykolog, diktlærar og forfattar frå Jæren.

Foto: Geir Rommetveit / NRK

Kva ideen var veit dei ikkje heilt. Men poeten Helge Torvund og filosofen Øyvind Kvalnes, som oppretta nettsida « Hvor er Alabama? », følg med stor interesse med på korleis nettfenomenet dei har starta utviklar seg.

Meir enn 150 bilete kome inn, alle er tatt av diktsamlinga «Alabama?» ulike stader i verda.

Alvorleg prosjekt

– Kan boka vera fleire stader samstundes, eller er ho veldig rask, spør Torvund alvorleg.

For nettfenomenet, som først blei omtalt av Jærbladet, er eit alvorleg prosjekt understrekar han:

– Me er veldig alvorlege mannfolk som har laga denne nettsida. Det er viktig for oss å kjempa mot nøkternheitstyraniet. Du må vera med på leiken, det er då det blir alvor, seier Torvund.

Boka som nå har vore rundt i heile verda kom ut våren 2011. Etter eit par månader var første opplag utseld, nå er det tredje opplag som er ute for sal.

Det var filosof ved Handelshøyskolen BI som først la ut bilete av boka på nett.

Alabama på krematorium

Det var sterkt for Torvund å sjå boka han har skrive i eit krematorium i Malmö.

Foto: http://alabamareiser.tumblr.com/search/afganistan

– Eg fekk eit innfall då eg oppdaga boka i snøen i Ålesund i februar, og posta eit bilete av henne på Twitter. Fleire observerte biletet, og tok sine eigne, der dei hadde observert «Alabama?» andre stadar, forklarer opphavsmannen til Jærbladet.

– Sterkt å sjå boka på krematorium

Torvund meiner nettfenomenet kan sjåast på som ei forlenging av noko som ligg i boka si and:

– Berre tittelen er jo Alabama med eit spørjeteikn. Det er noko med at ting endrar seg og dukkar opp på ein annan måte, seier Torvund.

– Kva tenkte du då boka dukka opp i eit krematorium i Malmö?

– Det var eit veldig annleis og sterkt bilete. Det er dikt om daud og sjukdom i boka, så det er ei kopling her også, seier mannen bak boka.

Så vil det visa seg om boka etterkvart dukker opp i Alabama, førebels er det nærmaste ho har vore New York.