Hopp til innhold

«Hesten på brua»: Nokon sikrar seg bilde, andre ringer politiet

På ei bru over E39 i Lund kommune står det dagleg ein hestesilhuett. Men det er ingen skulptur.

Hesten Roxy på Instagram

FOTOGEN: Om du køyrer på E39 i Heskestad i Lund kommune og ser ein hest, ikkje ver uroleg. Det er berre Roxy som slappar av. Etter kvart har mange tatt bilde av henne og lagt ut på sosiale media.

Foto: Skjermdump fra Instagram

Bekymra bilistar har ringt politiet og sagt at det står ein hest på brua. Folk er redde for at han skal hoppe.

Men hesten er trygg. Og ho har det som plomma i egget, seier matmor Regine Heskestad om den 29 år gamle dølahoppa si Roxy.

Det var nettstaden hest.no som først skreiv om saka.

Trur hesten vil unngå insekt

– Av og til tenkjer eg at Roxy synest det er spennande å sjå ut på vegen. Av og til står ho mot nord, andre gonger sør, seier Heskestad.

Køyretøya har ein annan positiv effekt på kvifor Roxy så ofte står på brua, trur eigaren.

– Ho får trekk frå dei. Då blir ho ikkje plaga av fluger og små insekt. Og på varme dagar er det sikkert deileg å få trekk på seg.

Roxy finst òg på TikTok. Endre Kvamme Berstad er blant dei som har sikra seg video av hoppa på brua.

Brua er ein overgang mellom dei to beita på garden til Regine Heskestad. Både Roxy, sauene og geitene brukar brua. Den går over E39 i Heskestad i Lund kommune.

– Hestar er vanedyr

Veterinær Idun Rosenfeld er fagsjef for hest hos Felleskjøpet. Ho meiner forklaringa om trekken og flugene er truverdig.

I tillegg seier Rosenfeld at Roxy truleg er som andre hestar, og ganske mange menneske: Glad i rutinar.

– Hestar er vanedyr. Dei likar best når ting er som dei alltid har vore. Denne hesten trivst med å gå ut på brua, seier ho.

Hesten Roxy

Dølahoppa Roxy når ho ikkje står på brua over E39.

Foto: privat

Rosenfeld trur Roxy er heilt trygg på brua.

– Eg trur ikkje trafikken kan skremme henne. Om det skulle hende noko unormalt, kjenner ho fluktruta. Ho vil neppe gjere noko dumt.

Veterinæren ser også føre seg at hesten synest det er litt spennande å sjå på trafikken.

– Det kan hende at ho likar dei fargerike bilane, eller luktene og lydane frå vegen. Hestar har sterke sansar. Det kan vere både spennande og underhaldande, seier ho.

Hesten Roxy på Instagram

Det finst etter kvart ein god del motiv av hesten Roxy på Instagram.

Foto: Skjermdump, Instagram

Trur folk vil ha ein stoppeffekt

Reiselivsdirektør Elisabeth Saupstad i Region Stavanger er også kjent med «hesten på brua». Ho meiner Roxy er ein klassisk turistattraksjon.

– Hesten gir ein stoppeffekt. Ein ventar ikkje å sjå han der, og det skapar interesse blant folk, seier ho.

Elisabeth Saupstad

Reiselivsdirektør Elisabeth Saupstad i Region Stavanger.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Roxy kom inn i livet til Heskestad og familien for rundt åtte år sidan. Roxy har derfor stått på brua i nokre år, og det har blitt færre bekymringstelefonar til politiet.

– Folk forstod nok at ho berre stod der og fint kunne gå til sidene på beita. Men mange fløytar på henne, og nokon slakkar ned farta for å ta bilde, seier Heskestad.