Hopp til innhold

«Forbausa» over eigen død

«Oscar», som nyleg døde i Stavanger, var tilsynelatande utan venar og familie, men så drog krematøren kjensel på han. Hjula byrja å rulla, og i dag fekk «Oscar» nett den dødsannonsen han hadde ønska seg.

Dødsannonse i Stavanger Aftenblad

Denne dødsannonsen var i dag å finna i Stavanger Aftenblad. Her kan ein lesa at Pierce George Geoffery Beaumont (Oscar) er forbausa over sin eigen død.

Foto: Faksimile fra Stavanger Aftenblad

Arvid Steinum frå Alpha gravferdsbyrå

Kommuneadvokaten fann ikkje familien til Pierce George Geoffery Beaumont (Oscar). Derfor fekk gravferdsagent Arvid Steinum (bilete) i oppgåve å arrangera gravferd for denne ukjende mannen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– «Oscar» var ein fantastisk kapasitet som berørte mange liv, gjennom sitt eige lange liv, seier gravferdsagent Arvid Steinum frå Alpha gravferdsbyrå i Stavanger.

Han snakkar om Pierce George Geoffery Beaumont, som døde 24. oktober.

Hos venar gjekk Pierce berre under namnet «Oscar», men det ante ikkje Steinum då han fekk i oppgåve av kommuneadvokaten å stella i stand gravferda hans.

Profesjonell ballettdansar

– Eg skulle stella i stand ein seremoni for denne mannen, som ingen visste kven var. Då eg snakka med krematøren, viste det seg at han var ein god kjenning av «Oscar».

Etter kvart som dei prata kom det fram at veneskaren til den døde mannen var stor, så nå kunne Steinum nysta opp i livet til mannen han snart skal arrangera gravferda til.

– Han kom her som ballettinstruktør og har blitt verande. Han har dansa på dei største ballettscenane i verda. Han er ein kunstnar som mange kjende, fortel Steinum.

Gravferdsagenten har også kome i kontakt med ein som stod «Oscar» nærmare enn dei fleste, Harald Narvesen.

Tilfeldigvis hadde dei to snakka om døden over telefon for ikkje lenge sidan, og «Oscar» hadde ytra eit ønske.

Dødsannonser

Arvid Steinum i Alpha gravferdsbyrå håper dødsannonsen i dag skapar ein debatt om form og innhald i dødsannonsar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Skriv det i dødsannonsen mi

– Pierce, eller «Oscar» som han blei kalla, hadde prata mykje om døden med Harald over telefon, fortel Steinum.

– Oscar hadde då sagt at det nok ville bli rart på den andre sida, og at dei nok begge ville bli litt forbausa.

Då dei snakka om dette sa «Oscar» til Per at han ville ha dette med i dødsannonsen sin.

Derfor stod det i dødsannonsen, som kom på trykk i dag:

«Pierce George Geoffery Beaumont (Oscar) døde tysdag 24.10.2012 og er derfor litt forbauset»

– Harald tok dermed vare på det siste ønske til «Oscar», seier Steinum, som sende inn annonsen til Aftenbladet.

Han har aldri vore med på liknande før, men meiner annonsen er fin.

– Det er to kameratar som skriftar til kvarandre. Dei er nære venar som snakkar om døden. Så seier den eine til den andre: Du! Hugs å ta det med i annonsen dersom eg døyr.

Håper på debatt

Som gravferdsagent ser han ikkje på det som problematisk på å tøya strikken for kva ein kan skriva i ei dødsannonse.

– Me skal vera der for dei pårørande, men me hadde ein liten samtale før me sende inn denne annonsen. Konklusjonen blei likevel at den var innanfor, sjølv om den nok ville skapa litt morosame kommentarar, seier han.

– Har du fått reaksjonar på dette?

– Ja, eg har fått mange reaksjonar. Aftenbladet sjølv har kontakta meg, dei seier at det ikkje hadde blitt lese korrektur på annonsen, men at dei burde ha gjort det før den gjekk i trykk.

Han meiner det berre er bra å få opp ein debatt om kven det er som skal bestemma kva som kan stå i dødsannonsar, og kven som kan skriva dei.

– Om eit par år er det ikkje sikkert at det er avisene som har desse annonsane lenger.

Vil laga ei verdig minnestund for «Oscar»

Om få dagar skal det vera bisetjing for «Oscar».

– Det er viktig for meg at den blir verdig, og at me får fram kven denne mannen var, seier Steinum.

Han fortel at det er venta venar frå både inn- og utland.

– Trur du Oscar hadde likt dagens annonse?

– Dette var heilt i hans gate. Om han ser oss nå vil han humra og le, dette var heilt perfekt, har Harald fortalt meg.

– Oscar har nå vore med å flytta ei grense i dødsannonsane, så kanskje det blir meir liknande annonsar i framtida. Det blir spanande å sjå på utviklinga.

Kven var han eigentleg?

I Aftenbladet si eiga omtale av saka kan dei føya til kven «Oscar» eigentleg var, dei har gjort eit portrettintervju med han for ei stund tilbake.

Han blei fødd i Barcelona i 1944. Faren hans var diplomat.

På 60-talet var han førstedansar i Royal Ballet i London, på 70-talet dansa han på scener i heile Europa.

I 1989 kom han til Stavanger, og blei heitande Oscar. I Stavanger underviste han dansestudentar i klassisk ballet.