Hopp til innhold

«Det var slag, banking, alt saman»

17 år gamle Bawi Hrin har opplevd rasisme på nært hald. Då han kom til Egersund blei han slått og banka opp.

Bawi Hrin

Bawi Hrin er blid og ser framover, trass i vonde opplevingar frå då han kom til Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen

– Det var slag, banking, alt saman, seier Bawi til NRK.no.

17-åringen fortel om kva som møtte han då han var ny i Egersund. Fire personar kom frå ein bil, spurde kva han heitte og svarte med å gi han skikkeleg juling.

– Dei slo meg i fjeset og brakk høgrearmen min, fortel den burmesiske flyktningen.

Rapport avdekkjer rasisme

Mamma og ordførerkandidat

Unn Therese Omdal, varaordførar i Eigersund.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Bawi er ein av 120 burmesiske flyktningar som bur i rogalandsbyen. Og han er langt frå den einaste som har opplevd rasisme.

Ein rapport Telemarksforsking har gjort på oppdrag av Eigersund kommune viser at innvandrarungdom i Eigersund opplever rasisme.

Dette er med å øydelegga integreringa som både kommunen og frivillige organisasjonar arbeider med, fortel rapporten.

Les òg: Antirasisme skal inn i skolen

Sjokkert varaordførar

Varaordførar Unn Therese Omdal (Ap) er sjokkert over kapittelet som omhandlar rasisme i rapporten.

– Dette er alvorleg. Me politikarar har ansvar for å snakka om dette og diskutera korleis ein kan forandra haldningane.

– Samstundes har skulane og barnehagane eit ansvar. Dei gjer ein god jobb, men me klarer ikkje å nå ut til alle, seier varaordføraren.

(Artikkelen held fram under bilete.)

James Hrang

Talsmann i Chin kyrkjelyden i Egersund, James Hrang.

Foto: Øystein Ellingsen

Kan tilgi

Bawi Hrin høyrer til Chin kyrkjelyden i Egersund, der dei burmesiske flyktningane samlast kvar søndag. Talsmann James Hrang håpar sonen på seks år skal sleppa å oppleva rasistisk mobbing.

– Ja, det håpar eg. Sonen min er fødd i Stavanger, men skal begynna på skule her i Egersund.

Bawi Hrin fortel at det er mykje rasisme og fordommar blant dei unge. Sjølv vel han å sjå framover.

– Eg var redd, men kan tilgi dei som gjorde vondt mot meg, seier han.