Hopp til innhold

Her nektar dei å byggje «den dyraste carporten i verda»: – Galskap

Eit nytt lager med garasje ved kulturhuset i Suldal vil koste svimlande 2,2 millionar kroner. Krav om arkeologisk utgraving gjer at bygget blir dobbelt så dyrt som planlagt.

Her kan «verdas dyraste» carport komme. Frå venstre: driftstekniker Lars Vaage, Høyre-politiker Sverre Underbakke, Venstre-politiker Nils Bjarne Vold og kulturhus-sjef Hanne Mette Birkeland.

BYGGJEKLARE: Under dette sementgolvet ligg kulturminnet som stansar bygging av lager og garasje. Kulturhuset i bakgrunnen. F.v.: driftsteknikar Lars Vaage, Sverre Underbakke (H), Nils Bjarne Vold (V) og kulturhussjef Hanne Mette Birkeland i Suldal.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Dette vil bli den dyraste carporten i verda. Det er meiningslaust, og galskap i dei flestes auge, seier lokalpolitikar Sverre Underbakke (H).

Kulturhuset treng nytt lager til store scene-element, og ein garasje til bilen sin.

Bygginga er no stoppa fordi det beskjedne anlegget, med eit bruksareal på 46 kvadratmeter, plutseleg er dobla i pris.

Teikning av det som kan bli «verdas dyraste» carport.

DYR GARASJE: Omtrent slik skal han sjå ut, «verdas dyraste» carport, med hems og lagerbygg for kulturhuset.

Foto: Norgeshus KV Bygg Suldal / Suldal kommune

– Det er jo spennande viss det ligg ein gammal høvding der, men det er jo litt dumt at det øydelegg for kvardagen vår, seier kulturhussjef Hanne Mette Birkeland.

Rogaland fylkeskommune viser til at det finst eit automatisk freda kulturminne på tomta, og krev arkeologisk utgraving.

Arbeidet er berekna å koste 1,1 millionar kroner. Det er nøyaktig like mykje som sjølve garasjebygget kostar.

– Eg forstår at vi skal ta vare på kulturminne, men systemet med at utbyggjar skal betale er jo heilt bak mål, seier Nils Bjarne Vold (V).

Ein stor lift står lagra på scenen i kulturhuset i Suldal.

BEHOVET: Ein stor lift opptek plass på scena i kulturhuset. Den skulle stå i bygget som no er stoppa.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Steinkiste frå jernalderen

Det som no heimsøkjer kommunen, er ein prat den førre eigaren av tomta tok med arkeologane som jobba på området i 1999, då kulturhuset skulle byggjast.

Han hadde heldt på ein løyndom i mange år. Men no ville han fortelje.

Arkeologane fekk vite at då han skulle byggje garasje på 70-talet fann han det som truleg er eit gravkammer under jorda. Det målte om lag 1,7 x 0,5 meter, og var avgrensa av steinheller.

Med spett prøvde han å stikke etter ei botnplate, før han dytta jord ned i kammeret og støypte garasjegolv over.

Sidan har steinkista, truleg frå jernalderen, fått liggja i fred. Men når det no skal byggjast nytt, må funnet undersøkjast, meiner Arkeologisk museum i Stavanger.

– Det vart gjort mange funn i området den gongen. Vi veit ikkje kva som kan finnast i det aktuelle gravkammeret av gjenstandar eller leivningar av menneske. Det kan òg finnast andre spor frå fortida rundt kammeret, seier arkeolog Barbro Dahl.

Barbro Irene Dahl er arkeolog hos Arkeologisk museum, ved Universitetet i Stavanger.

VIL UNDERSØKJE: Arkeolog Barbro Dahl ved Arkeologisk museum i Stavanger meiner steinkista bør gravast ut før det blir bygd garasje.

Foto: Arkeologisk museum Stavanger

– Men kan ikkje berre gravkammeret få halde fram med å liggje i fred?

– No når dei ønskjer å byggje noko nytt, vil det føre til inngrep i området. Då bør kulturminnet undersøkjast for å ikkje risikere at det blir ytterlegare skadd.

Må lagre ute

Kommunen diskuterer no med museet om det går an å komme fram til eit kompromiss.

– Vi må prioritere i kommunane. Det er vanskeleg å bruke så mykje pengar på eit så lite prosjekt, seier ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

Suldal-ordførar Gerd Helen Bø.

PRIORITERER: Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp), seier det blir for dyrt å både byggje og betale for utgraving.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Det gamle bustadhuset på tomta blir brukt av kulturskulen, medan eit tilbygg og garasjen som sto der allereie er rive for å gi plass til det nye anlegget.

Og behovet for lagringsplass er tydeleg.

I dag står store scene-element ute i regnet. Inne på scena står ein stor lift som tek plass og skaper problem ved store oppsetjingar. Bilen trenger garasje.

– Gravesaka er ein brems, seier driftsteknikar ved kulturhuset Lars Vaage.

Venstrepolitikar Nils Bjarne Vold og driftsteknikar Lars Vaage viser store scene-element som kulturhuset i Suldal må lagre utandørs.

MÅ STÅ UTE: Store scene-element må no stå ute i all slags vêr, fordi kulturhuset manglar lagerplass inne.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Urimeleg regelverk

Paragraf 10 i kulturminnelova seier at den som vil utføre tiltaket skal betale for arkeologiske utgravingar. Det fører ofte til konfliktar.

I Stavanger har kyrkja klaga på avgjerda om at ho sjølv må betale rundt 12 millionar kroner for arkeologiske utgravingar i domkyrkja, og saka er no til behandling i Klima- og miljødepartementet.

Politikarane i Suldal etterlyser ei regelendring.

– Gardsbruk over heile landet pløyer opp gamle knivar og trykkjer dei ned att i jorda. Dei lèt det liggje fordi det er billegare, seier Underbakke.

Moe meiner storsamfunnet må ta meir ansvar.

– Her må staten gå inn og lage nytt regelverk.

Kulturhuset i Suldal

SAMLINGSPLASS: Kulturhuset på Sand i Suldal stod ferdig i 2002, og er ein sentral nerve i bygdesamfunnet, med jamlege konsertar, framsyningar, kino, bibliotek og eigne distriktsmusikarar.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK