NRK Meny
Normal

– Ytringar som krenker er også viktige

– Når ytringsfridomen blir brukt til å sparka nedover er eg ikkje veldig stolt av å sjå det som kjem ut, seier dialogprest Odd Kristian Reme. – Også slike ytringar er viktige, kontrar Aftenbladet-redaktøren.

Debatt på Sølvberget

DEBATTERTE: Frå venstre: Alexander Dessingue, Odd Kristian Reme og Lars Helle.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Angrepet mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo har ført til ny debatt om ytringsfridom.

På Humanistisk fakultet ved Universitetet i Stavanger sit franskmannen Alexander Dessingue, prodekan ved UiS. Han vart veldig trist då han såg terroråtaka i heimlandet, men er klokkeklår på at ytringsfridomen må bestå.

– Ytringsfridom er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati. Du kan ikkje bruka blasfemi som argumentasjon for folk som ikkje trur på same Gud eller same religion som deg. Blasfemi gjeld for dei som har ein religion eller trur på ein spesiell religion, ikkje for dei som ikkje vil definera seg som truande i den regionen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Angrepet mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo har ført til ny debatt om ytringsfrihet. Denne uken arrangeres to debatter i Stavanger. Vi må skille retten til ytringsfrihet - fra religion og politikk, mener en av debattantene.

SJÅ REPORTASJEN: Alexander Dessingue vernar om ytringsfridomen etter terroråtaka i heimlandet Frankrike.

– Vert ikkje stolt

Odd Kristian Reme

DIALOGPREST: Odd Kristian Reme.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

På debatten på Sølvberget i Stavanger onsdag kveld dreia det seg om kor langt det er naudsynt å strekka ytringsfridomen, og kvifor det er det.

– Ytringsfridomen er ein av dei store fridomane me skal slå ring rundt. Men den er ramma inn av andre store fridomar, så me må handtera den på ein god måte, sa dialogprest Odd Kristian Reme før debatten starta.

– Så sjølv om me har lov å seia ting og lov til å ytra oss, så er det ikkje alltid det er greitt?

– Nei, eg ville sagt at så lenge ytringsfridomen opererer på sitt beste, nemleg med å sparka oppover mot makta, så er den noko av det mest verdifulle me har. Men når den blir brukt til å sparka nedover og til å trø på andre, då er eg ikkje særleg stolt over å sjå det som kjem ut.

Lars Helle

– MÅ OGSÅ SPARKA NEDOVER: Lars Helle, redaktør i Stavanger Aftenblad, seier ytringar som svir også er viktige for å bevara full ytringsfridom.

Foto: Lars Idar Waage / Stavanger Aftenblad

Men Lars Helle, redaktør i Stavanger Aftenblad, meiner at også dei meiningane som svir er viktige for at ytringsfridomen skal bestå.

– Det er klart at ytringsfridomen er ein umisteleg verdi for oss, men me kan ikkje laga slike grenser som Reme seier. Eg meiner alle typar ytringar som ikkje inneber vald og trugslar i utgangspunktet må vera lov, sjølv dei som slår nedover, krenker og gjer mentalt vondt, seier Helle.

– Folkeskikk

– Det Reme også snakkar om er folkeskikk. Det er ikkje alltid like lurt å bruka ytringsfridomen der, men at me må ha den, at me får lov å ytra oss fritt på kva måte me vil, det er heilt klart.

På UiS meiner franske Dessingue at det er det viktig å skilja ytringsfridomen frå religion og politikk.

– Det er grunnleggjande i eit demokrati. Om me likar det eller ikkje er eit anna spørsmål, men den må vera der. Kvifor er me alltid nøydde til å trekka inn religion i desse debattane? Muslimar, kristne og ateistar deler fellesverdiar, og det er desse fellesverdiane som er viktig for demokratiet, seier han.