Hopp til innhold

Arbeidsministeren informert om mogleg plattformkollaps

– Dersom ikkje Yme-plattforma blir sikra før haust- og vinterstormane kan ho kollapsa, slår operatør Talisman fast. Nå er arbeidsminister Anniken Huitfeldt informert.

Yme

Den nye Yme-plattforma har framleis ikkje vore i bruk. Sidan i sommar har den stått ubemanna i Nordsjøen på grunn av sprekker i konstruksjonen.

Foto: Talisman Energy

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt er informert om situasjonen for Yme-plattforma.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Torsdag blei arbeidsminister Anniken Huitfeldt orientert om situasjonen ute på Yme-plattforma i Nordsjøen.

– Eg har hatt møte med Petroleumstilsynet (Ptil) om situasjonen på Yme-plattforma, slår statsråden fast i ei pressemelding.

I orienteringa frå Ptil fekk arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap) vita at det ikkje skal vere fare for menneskeliv eller store oljeutslepp, men at ein kollaps vil medføra materielle tap.

Har sett i verk beredskap

Det var for to veker sidan operatøren Talisman informerte Ptil om stor fare for totalkollaps for Yme, dersom det ikkje blir gjort noko med strukturen.

Sprekkdanningar i dei berande konstruksjonane kan føra til at plattforma ikkje vil klara ein haust- eller vinterstorm.

Plattforma er tømt for mannskap, og brønnane er sikra. I dagens møte la Talisman fram planane sine for korleis dei vil jobba for å sikra plattforma.

– Noko som også er operatørens ansvar, slår Arbeidsdepartementet fast i pressemeldinga.

Ptil opplyser at dei følgjer tett med på arbeidet til Talisman for å sikra plattforma, og har sett i verk nødvendig beredskap for ein eventuell kollaps. Meir ville dei ikkje uttala om saka torsdag.

I eit intervju om saka tidlegare denne månaden uttalte Ove Tobias Gudmestad, professor i materialkonstruksjon ved Universitetet i Stavanger, dette til Teknisk Ukeblad:

– Slik eg tolkar det, betyr dette at Yme-plattforma umiddelbart må sikrast for å klare dei kommande hauststormane.

«Skandaleplattform»

Oljefeltet Yme ligg i den søraustlege delen av Nordsjøen, 110 kilometer sørvest for Egersund. Feltet er bygt ut med ei oppjekkbar produksjonseining, som er plassert på ein lagertank på havbotn.

I juli i år evakuerte det canadiske oljeselskapet Talisman dei 140 arbeidarane frå plattforma etter at det blei funne sprekkar i berestrukturen. Sidan dette har ho vore ubemanna.

I tillegg blei det funne feil på sveisesaumane, elektriske anlegg og brannvegg.

Det Norske Veritas (DNV) har gjennomført teoretiske berekningar for plattforma si styrke, men førebels har dei ikkje konkludert.

Plattforma har aldri vore i produksjon, og så langt er prislappen på prosjektet ni milliardar kroner dyrare enn planlagt.

På toppen av kjem nå meldinga om at heile den kriseråka plattforma kan kollapsa.