Hopp til innhold

– Vinterferien kan bli eventyrleg

Det siste døgnet har det kome 40 centimeter nysnø i Sirdal, og det skal halda fram med å lava ned mot helga. Dermed ligg det an til pudder og sol når vinterferien i Rogaland byrjer på fredag.

Vinterenferien kan bli flott i Sirdal

PUDDER: Cathrine og Mattias Holter gler seg til vinterferien i Sirdal. Bilete til venstre er dagsferskt frå Tjørhomfjellet, medan bilete til høgre er dagsferskt frå Kvæven.

Foto: Øystein Tjørhom

Snø, snø og sol. Slik ser vêrvarslinga ut fram mot vinterferien, som i Rogaland byrjar på fredag.

Godt nytt for alle dei som skal stå på ski i Sirdal og Bjerkreim i vinterferien.

– Vinterferien vil starta med sol og fleire centimeter nysnø. Med dette kan me nok sei at me har årets første pudderalarm, seier Øystein Tjørhom ved alpintsenteret Tjørhomfjellet.

Berre sidan i går har det allereie kome 40 centimeter snø, og det skal koma meir etter vêrmeldinga. Torsdag blir første dag med sol, dette skal deretter vera fasiten fram til sundag då det vil skya over.

Også på Stavtjørn ser dei fram til ein flott vinterferie. Dei opnar først på laurdag, då satsar dei på at fjellheisen også skal vera open.

– Nett nå er det ikkje meir enn 10 meter sikt og uvêr, men dette satsar me på vil gje godt med nysnø og opning av fjellheisen, seier Espen Røssland ved alpintsenteret.

Dette er også håpet på Tjørhomfjell.

– Med snøen som nå har kome håper me å kunne opna resten av anlegget også. Dette ser ut til å bli ei eventyrleg veke å ha vinterferie i, seier Tjørhom.

Giljastølen kjem også til å ha ope i vinterferien, dette er første gong trekket held ope i år.