Frp meiner Venstre svartmålar fråfallet i vidaregåande skule

72,9 prosent av dei som begynte på vidaregåande i 2008 har fullført innan fem år. Det er ei forbetring, seier fylkesvaraordføraren frå Frp, som meiner partiet Venstre gir eit misvisande inntrykk av fråfallstala i den vidaregåande skulen i Rogaland.

Elever ved Sola Videregående skole

Elevar ved Sola Videregående skole. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Aleksander Lunde, er kritisk til at om lag kvar fjerde elev i den vidaregåande skulen i Rogaland aldri kjem så langt som til å ta endeleg eksamen.

Kjartan Alexander Lunde

Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Aleksander Lunde, er kritisk til fråfallstala i vidaregåande skule i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø

– Situasjonen har i liten grad endra seg dei siste 10 åra, seier Lunde.

Usamd i tolking av tala

Fylkesvaraordførar i Rogaland, Terje Halleland frå Framstegspartiet, meiner at Venstre er altfor negative i si skildring av korleis det står til.

Terje Halleland

Rogaland gjer det slett ikkje verst når det gjeld å hindre fråfall på vidaregåande skule, meiner Terje Halleland frå Frp.

Foto: Frp

Venstre si svartmåling gir eit heilt feil inntrykk av situasjonen i skulen i Rogaland. For det første er fråfallet i Rogaland blant dei lågaste i landet og godt under landsgjennomsnittet. For det andre har det, i motsetning til det Venstre gir inntrykk av, vore ein positiv utvikling dei siste ti åra.

Rogaland er betre enn gjennomsnittet

Kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring frå Rogaland fylkeskommune, gir Halleland langt på veg rett. Av kullet som starta vidaregåande opplæring i 2008, er det etter fem år 72,9 prosent som har gjennomført skulen i Rogaland. Landsgjennomsnittet er på 70,6 prosent.

Same staden går det fram at utviklinga det siste året, har betra seg med 1.4 prosentpoeng i Rogaland. Men der har utviklinga vore betre i landet elles, der betringa har vore på 2 prosentpoeng.

Liten, men positiv utvikling

Den positive utviklinga, som Halleland trekk fram, er på 2 prosentpoeng til saman, i løpet av dei 10 siste åra. Talet på dei som ikkje gjennomfører vidaregåande skule har altså gått ned frå om lag 29 prosent til 27 prosent på ti år.

– Har de planar om å gjera noko meir, eller er denne utviklinga god nok?

– Me ser at det er eit forbetringspotensial ute og går her. Det må i tilfelle skje gjennom samarbeid med kommunane og ungdomsskulane. Slik at fylkeskommunen kjenner betre til forhistoria til elevane frå ungdomsskulen enn i dag. Då kan den enkelte vidaregåande skulen vera betre førebudd og kunne setje inn tiltak tidlegare for å få elevane gjennom, seier Halleland.

Han nemner også at det pågåande samarbeidsprosjektet «Ny Giv» er inne på dette, men Halleland meiner at det ikkje har lukkast i tilstrekkeleg grad.