NRK Meny
Normal

– Vanleg at ungdommar deler rom

Sprikande forklaringar gjorde det vanskeleg for FpU-leiinga å gå vidare med sex-skuldingane mot Trond Birkedal. Tysdag forklarte tidlegare Frp-toppar seg for Gulating lagmannsrett i Birkedal-saka.

Trond Birkedal, Geir Mo

Tysdag forklarte tidlegare generalsekretær Geir Mo seg i ankesaka mot Trond Birkedal.

Foto: Tegning: Ingrid Haukelidsæter / Scanpix

Det var på ein sommarleir i 2009 dåverande leiar for Framstegspartiet sitt ungdomsparti, Ove André Vanebo, blei gjort kjent med sex-skuldingane mot tidlegare Frp-topp Trond Birkedal.

Tysdag gav han si vitneforklaring til Gulating lagmannsrett, der ankesaka mot Birkedal er oppe. Birkedal blei i tingretten dømd til fengsel i 60 dagar for mellom anna å ha snikfilma unge gutar på badet sitt, men frifunnen for seksuelle overgrep mot to gutar under 16 år.

Eitt av tiltalepunkta, som går på seksuell omgang med ein 15-åring, blei av statsadvokaten anka til lagmannsretten. Det er dette forholdet som nå er oppe i Gulating lagmannsrett i Stavanger.

– Ei vanskeleg sak

Ove Vanebo, Fpu

Ove Vanebo, tidlegare leiar for FpU.

I lagmannsretten gjer Vanebo uttrykk for at det var vanskeleg å handtera saka med 15-åringen. Guten, som i dag er 19 år, hevda han blei utsett for seksuelle overgrep på eit hotellrom i Oslo i 2008. Birkedal på si side har heile tida hevda si uskuld.

– Det var veldig mykje tvil rundt det som hadde skjedd. Derfor var det vanskeleg å ta saka vidare, spesielt sidan 15-åringen ikkje vil melda saka til politiet, forklarer Vanebo til lagmannsretten.

Han seier partiet var villige til å hjelpe 15-åringen med kva som helst, også advokat.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Partiet svikta

Partileiinga i Frp blei orientert om skuldingane mot Birkedal, men foreldra til 15-åringen blei ikkje varsla. Tidlegare generalsekretær Geir A. Mo innrømmer i retten at dette var ei grov feilvurdering.

– Her har med erkjent at partiet svikta. Foreldra burde blitt orientert om at sonen deira la fram desse skuldingane mot ungdomsleiaren i partiet, seier Mo til retten.

Trond Birkedal har sjølv innrømma at han delte hotellrom og seng med den då 15 år gamle partifellen i 2008. Han hevdar likevel at det ikkje skjedde noko seksuelt.

På spørsmål frå retten om overnattingspraksisen i Frp, seier Moe at det er vanleg at ungdommane deler hotellrom i regi av ungdomspartiet.

– Birkedal har fortalt at dette er vanleg og at det blir gjort for å spara kostnader. Det skal ikkje vera noko gale med dette.

Hadde ingen mistanke

Moe skildrar den fornærma 19-åringen som ein profilert person i partiet på det tidspunktet han blei gjort kjent med skuldingane hausten 2009.

Den tidlegare generalsekretæren kjende til bloggen til den unge politikarspira. Ut over det blei det ikkje gjort undersøkingar om guten i regi av Frp.

Trond Birkedal blir av Geir Mo skildra som ein mann som var oppteken av å ta seg av nye, unge partimedlemmer.

– Han nekta for at han var homofil eller bifil og sa han ikkje brydde seg om pornografi. I tillegg var han forsiktig med alkohol og dans og hadde kvinneleg kjæraste, forklarer Mo, som seier Birkedal var ein mann å stola på.

– Har slite psykisk

Blant fleire vitneforklaringar i lagmannsretten tysdag forklarte psykologen til den fornærma 19-åringen seg. Ho teiknar ei bilete av ein ung mann som har hatt det vanskeleg i kvardagen.

– Han har slite med søvnproblem, alkohol og gjort det dårleg på skulen. Alt dette har samanheng med overgrepet i 2008, meiner psykologen, som behandla 19-åringen fram til ho gjekk ut i permisjon i mai i år.

Ifølgje psykologen har all mediemerksemda saka har fått vore tilleggsbelastande for 19-åringen.

Kontaktlæraren til 19-åringen stadfestar at eleven har slite på skulen den siste tida.

– Han har hatt mykje fråvær og ujamn innsats. Alt i alt har han underprestert, forklarer læraren til lagmannsretten.

Onsdag legg aktor fram sin prosedyre i saka. Strafferamma for seksuell omgang med barn under 16 år er fengsel i opp mot seks år (straffelova paragraf 196).

Birkedal risikerer likevel ei langt mildare straff. I tingretten la aktor ned påstand om fengsel i ni månader for dette og alle dei andre forholda i tillegg.