NRK Meny
Normal

– Valdtekt av naturen

I dag møtte NVE-direktør, Per Sanderud, hytte- og grunneigarar i Noredalen i Sandnes. Han fekk klar tale om kva dei meiner om å få kraftmaster gjennom den flotte naturen deira.

Grunneigarar og bønder i Sandnes fryktar dei store mastene som skal bera fram den nye kraftlinja fra Lysebotn til Stavanger. I dag var leiinga i NVE - Norges vassdrag og energidirektorat - på synfaring langs traseen der kraftlinja skal komma.

►SJÅ VIDEO: Hytteeigar, Wenche Rygh, var ei av dei som i dag fekk møta direktøren i NVE om traseen til kraftlina mellom Lysebotn og Stavanger.

NVE-direktør Per Sanderud

NVE-direktør Per Sanderud.

Foto: Stian Skjerping / NRK

Lyse sende i slutten av mai i år ut ein konsesjonssøknad for ny straumlinje frå Lysebotn til Stølaheia transformatorstasjon ved Store Stokkavatn i Stavanger. Traseen går gjennom populære friluftsområde ved Lutsivatnet og Lifjell i Sandnes, noko som har skapt sterke reaksjonar.

Stavanger skal ha straum

– Hovudføremålet med linja er at Stavanger skal ha straum, sa NVE-direktør, Per Sanderud, då han i dag møtte hytte- og grunneigarar i Noredalen i Sandnes. Kanskje han ville minna dei om kva det faktisk handlar om, før dei kom med meiningane sine.

Og som venta var dei også nådelause.

– Det er omtrent valdtekt av naturen. Det vil synast frå sjøen og ikkje minst for alle som er her inne og bur her heile sommaren, sa hytteeigar Wenche Rygh.

  • Sjå fleire reaksjonar i videoen lengst oppe i artikkelen

Mastene på tretti til førti meter kjem til å skjæra gjennom jomfrueleg natur, over gardsbruk og bustadhus.

– Nyttig møte

Lysløypa frå Lysebotn til Stavanger skal for det meste gå i luftspenn gjennom Sandnes fordi det er ti gonger dyrare å grava den ned. I Stavanger blir det jord- og sjøkabel fordi husa ligg for tett for luftspenn. Og NVE-direktøren er klar. Kraftlinja må komme innan tre-fire år.

– Det er viktig at forsyningstryggleiken i Stavanger blir betre. Det er ikkje akseptabelt at straumen blir borte over lengre tid. Meininga vår er at forsyningstryggleiken på ein eller annan måte må bli betre, seier Sanderud.

Han legg til at møtet med dei som skal leva med mastene var nyttig, og at NVE nå skal setja seg ned og finna ut kva dei skal gjera vidare med saka.

Lyseløypa

Slik ser traseen for den nye sentralnettlinja frå Lysebotn til Stavanger ut.

Foto: Lyse