NRK Meny
Normal

– Viktig med unge folk på Stortinget

Torstein Tvedt Solberg (28) meiner unge politikarar på Stortinget blir meir tilgjengelege gjennom sosiale medium. Tina Bru (27) meiner at unge på tinget kan gjera noko med framtidig valdeltaking.

Torstein Tvedt Solberg

Torstein Tvedt Solberg (28) er klar for Stortinget for første gong. Han kjem til å bruka sosiale medium aktivt, også som stortingspolitikar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tina Bru (27) jublar saman med Siri A. Meling og Christine Sagen Helgø

Tina Bru (27) jublar over valprognosen som NRK presenterte klokka 21. Ho står saman med Siri A. Meling, som også er klar for Stortinget, og Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

På måndag kunne 28 år gamle Torstein Tvedt Solberg (Ap) jubla over å ha fått plass på Stortinget. Det kunne også 27 år gamle Tina Bru (H) og Venstre sin listetopp i Rogaland, Iselin Nybø, som er 32 år gamal.

Saman gjer dei at snittalderen på rogalandsbenken blir så låg som 42 år. Berre Telemark sin fylkesbenk har lågare snittalder, den er på 38 år.

Vil vera like «turbo» som i valkampen

For fire år sidan var snittalderen på rogalandsbenken 47 år, dette er også dagens snittalder på Stortinget sett under eitt. Dei unge politikarane er samde om at generasjonsskiftet spelar ei rolle.

– Eg trur ein vil sjå eit større trøkk på både saker og nærvær, seier Torstein Tvedt Solberg.

Han ser fram til å debutera på Stortinget, men tenker ikkje å leva livet på latsida.

Iselin Nybø

Iselin Nybø (32) kunne smila breitt under valvaken til Venstre i Rogaland på måndag. Ho er også med på å dra snittalderen ned.

Foto: NRK

– Eg ønsker å vera like «turbo» som eg har vore i valkampen i dei neste fire åra også. Eg vil reise rundt i fylket, møte folk og kjempe for sakene dei er opptekne av, seier han.

Han peiker også på kontakt med folket som noko den yngre garde truleg er betre på. Sjølv har han vore aktiv på Twitter gjennom heile valkampen, og vil halda fram med dette på tinget.

– Gjennom sosiale medium kjem me nok i betre kontakt med ein del grupper, som stortingspolitikarane tradisjonelt har slite med å koma i kontakt med. Me kan nok derfor vera meir tilgjengelege og i betre dialog med folket, seier Tvedt Solberg.

– Fleire å identifisera seg med

Tina Bru frå Høgre meiner at dette kan spela ei rolle neste gong rogalendingane skal til valurnene.

– Det som er stilig med rogalandsbenken er at det er mange unge folk her. Me har snakka mykje om korleis me kan få auka valdeltakinga for unge i denne valkampen, og eg trur unge menneske nå føler at det er representantar på Stortinget, som dei kan identifisera seg med, seier høgrepolitikaren.

– Men trur du unge politikarar har lågare gjennomslagskraft?

– Nei, det trur eg ikkje. Sjølv om representantane som nå kjem inn er unge så har dei lang fartstid i politikken. Politikk handlar først og fremst om kva du kan, og ikkje kor gamal du er, seier Bru.

– Best med ei passeleg blanding

Ap-mann Tvedt Solberg trur snarare at unge på Stortinget kan påverka dagsorden, slik den blir meir fokusert på saker som unge bryr seg om.

– Eit døme på det er bustadpolitikk. Dette er noko som mange unge bryr seg om, og ei sak eg gler meg til å kjempa for på Stortinget. Eg vil kjempa for å få saka på dagsorden, og prøva å få gjort noko med ho, seier han.

Ei av dei som har representert den eldre garde på Stortinget er 64 år gamle Magnhild Meltveit Kleppa, som nå gir seg etter 20 år på Stortinget. Ho er berre glad for at den nye benken er ung.

– Det lovar godt for framtida at snittalderen nå er lågare enn den har vore. Eg meiner det beste er ei passeleg blanding av erfarne og nye folk, seier ho til NRK.no.