– Eg er ekstremt lite imponert over norske styresmakter i denne saka. Det er ikkje langt unna eg vil bruka ord som uverdig behandling av Kaplan, særleg etter at Norge tapte saka i Strasbourg, seier Venstre-politikar Per A. Thorbjørnsen i Stavanger.
Han er blant dei som har engasjert seg for å få Kamuran Kaplan tilbake til Norge og Stavanger, og er derfor glad for at familiefaren nå har fått opphaldsløyve.
Men Venstre-politikaren reagerer sterkt på at Kaplan først kan pakka kofferten og setja kursen mot Norge nesten eitt år etter at han vann mot den norske stat i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
– Eg trur ikkje norske styresmakter heilt har forstått at dei tapte saka. Dette er ein ekstraordinær situasjon som hadde kravd ei ekstraordinær behandling. Dette bør styresmaktene beklaga, meiner Thorbjørsen.
- LES OGSÅ:
– Bryr seg ikkje om menneskerettane
Han får støtte av leiar for støttegruppa for Kaplan, Mohammad Jaman.
– Denne saka viser at UDI og norske styresmakter ikkje bryr seg om menneskerettane. Det er ingen tvil om at styresmaktene bør beklaga dette, seier han.
I 1998 blei Kaplan sin asylsøknad avslått, og i 2010 bestemte Høgsterett at han skulle sendast ut av landet. I 2011 blei han henta i heimen sin og transportert ut. Sidan då har han budd på ulike stader i Tyrkia, fordi han hevdar han er på flukt frå tyrkiske myndigheiter.
I juni 2014 vann Kaplan mot Norge i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Men først nå kan han altså reisa tilbake til Stavanger, der han har kone og tre barn.
Viser til regelverket
NRK har vore i kontakt med Justis- og beredskapsdepartementet om saka. Dei svarer at dei ikkje kommenterer enkeltsaker og viser til regelverket.
Måndag sa Utlendingsdirektoratet (UDI) at seks månader behandlingstid ikkje er spesielt lenge. Ifølge presserådgivar John Olav Kroken er vanleg behandlingstid i familiegjenforeiningssaker mellom ni og tolv månader.
– Me skjønar at det kan vera frustrerande, men det er slik det er dessverre, kommenterte Kroken.