NRK Meny
Normal

– Uakseptabelt at ein drosjesjåfør væpnar seg

Priskrangelen med ein drosjesjåfør natt til laurdag blei brått meir alvorleg då sjåføren henta straumpistolen frå bagasjerommet. – Det var heilt jævlig, fortel mannen som fekk våpenet godt planta i ryggen.

Elektrosjokkpistol

ELEKTROSJOKKPISTOL: Dette er døme på korleis ein elektrosjokkpistol, eller straumpistol, kan sjå ut.

Foto: Ethan Miller / Afp

Det var natt til sundag at ein son i 30-åra og ein far i 50-åra tok drosje heim til Lye på Jæren. Dei fortel at dei hamna i ein krangel om pris, før dei valde å gå vekk frå drosjesjåføren.

– Då gjekk han bak i koffertluka og tok ut noko som likna på eit våpen. Eg var livredd og trudde han skulle skyta på meg med skarpt, fortel mannen i 50 åra, som ikkje ønsker å stå fram med namn.

Sonen fortel vidare.

– Eg høyrde berre korleis det gneista då han tok straumpistolen i ryggen på far min. Etterpå snurra han den rundt og trefte meg i andletet, fortel han.

Då me spør faren korleis det var å få våpenet i ryggen svarar han kort og godt:

Elektrosjokkpistol

ELEKTROSJOKKPISTOL: Dette er døme på korleis ein elektrosjokkpistol, eller straumpistol, kan sjå ut.

Foto: Ethan Miller / Afp

– Det var heilt jævlig. Eg har aldri vore borti noko meir gale i heile mitt liv, seier han.

– Uakseptabelt

Sonen meiner at situasjonen aldri skulle ha skjedd.

– Taxiselskapa burde ha litt meir kontroll på kven det er som køyrer drosjane deira, seier han.

Han får full støtte frå ein av dei store aktørane i bransjen, Svein Svimbil, som er dagleg leiar for Rogaland taxi.

– Eg har aldri høyrt om noko liknande, og det er sjølvsagt heilt uakseptabelt at ein drosjesjåfør væpnar seg, seier han til NRK.

Sikta for kroppskrenking

Politiet hadde drosjesjåføren inne i arresten heilt til han blei avhøyrt på sundag.

– Me har både gjort avhøyr av drosjesjåføren, og me har gjort vitneavhøyr i saka. Sjåføren er framleis sikta for kroppskrenking, fortel jourhavande i Sør-Vest politidistrikt Kristin Aasberg Ueland.

Ho legg til at elektrovåpenet som blei brukt av drosjesjåføren er ulovleg i Norge.

NRK har ikkje kome i kontakt med den daglege leiaren i det aktuelle drosjeselskapet.