NRK Meny
Normal

– Trond Birkedal får strafferabatt

Den tidlegare FrP-toppen Trond Birkedal, som mellom anna er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år, skal ha godteke tilbod om tilståingsdom.

Trond Birkedal på landsmøte i 2007

Arkivbilete av Trond Birkedal frå landsmøtet til Framstegspartiet i 2007.

Foto: Johansen, Geir Otto / SCANPIX

Arvid Sjødin

Forsvararen Arvid Sjødin vil ikkje gå inn på detaljane rundt oppsumeringsavhøyret.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Trond Birkedal skal ifølgje Rogalands Avis ha godteke ein tilståingsdom i eit oppsummerande avhøyr med politiet i Stavanger.

Nektar for seksuell

Avisa skriv at forholda Birkedal innrømmer truleg handlar om snikfilming, medan den tidlegare ordførarkandidaten i Stavanger framleis nektar for seksuell omgang med barn under 16 år.

– Birkedal har lista opp dei forholda han sjølv meiner er straffbare for politiet, og har sagt at han er villig til å ta ein tilståingsdom for desse forholda, seier forsvararen til Birkedal, Arvid Sjødin til NRK.no.

Han vil ikkje gå nærmare inn på detaljane rundt oppsumeringsavhøyret, men seier at den mest alvorlege siktinga til politiet om seksuell omgang med barn under 16 år må leggjast vekk om det skal bli aktuelt med tilståingsdom.

– Får strafferabatt

– Birkedal vil uansett få strafferabatt anten det blir tilståingsdom eller ikkje sidan han innrømmer delar av det han er sikta for, seier Sjødin.

Politiet vil ikkje kommentera saka til media.

– Påtaleansvarleg Karsten Monsen har ferie, og me vil ikkje kommentera saka, seier påtaleansvarleg ved Rogaland politidistrikt, Pål Jæger-Pedersen til Rogalands Avis.

Trond Birkedal blei i mars tatt av politiet sikta for å ha snikfilma gjester i dusjen sin, ei sikting som har blitt utvida .