Det blei bråk då kulturhuset Sølberget i Stavanger inviterte til debatt med frontfigur og leiar i Borgervernet Rogaland, Øystein Vaule.
Den kontroversielle organisasjonen delte tidlegare denne månaden ut 2000 flygeblad i Sandnes med sterke åtvaringar mot asylmottak og innvandring. Mange har reagert kraftig på aksjonen og SOS Rasisme melde dei førre måndag til politiet.
I tillegg trekte lokalpolitikarane Marcela Molina (SV) og Pål Morten Borgli (Frp) seg frå heile debatten som var sett til førstkomande onsdag.
Molina følte seg pressa til å trekka seg frå panelet med Vaule, og folk argumenterte med at dersom ho stilte var det med på å legitimera haldningane til Borgervernet Rogaland.
– Viktig debatt
Dermed var det fare for at heile debatten «Fram i lyset? Debatt om rasisme, borgervern og ytringsfridom» kom til å bli avlyst. Det ville vore tragisk for ytringsfridomen, meiner statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger.
Han er derfor ein av dei tre nye i panelet (saman med nyheitsredaktør i Rogalands Avis, Lars Petter Einarsson og stortingsrepresentant for Ap, Eirin Sund). Frå før stiller nemnde Øystein Vaule (Borgervernet Rogaland) og Tor Brekko frå Hero Norge.
– Det er viktig å diskutera desse temaa, og det er viktig å diskutera om ytringsfridomen fungerer slik den skal, svarer Tuastad til NRK.no når han får spørsmål om kvifor han stiller til debatt.
Han meiner det er to «feller» å hamna i når det gjeld ytringsfridomen.
– Den eine fella er å gi klippekort til folk med rare og ekstreme haldningar, den andre er å nekta ekstreme grupper taletid, seier han.
Ventar protestaksjonar
Ifølge kulturhussjef ved Sølvberget, Marit Egaas, har det aldri vore aktuelt å nekta Vaule å stilla i debatten.
– Det er viktig at nokon får konfrontert meiningane hans i det offentlege rom, på ein nøytral arena. Han er deltakar i debatten på lik linje med dei andre, seier ho til NRK.no.
Det er venta protestaksjonar mot Borgarvernet Rogaland på onsdag. Ifølge Egaas har fleire søkt om å ha stands på Arnageren utanfor kulturhuset.
– Me veit det kjem til å vera demonstrasjonar på utsida, men me tillèt ingenting inne på Sølvberget, seier ho.
Debatten tek til klokka 19 på Sølvberget, og kjem også til å handla om oppstyret og boikottane etter at debatten blei stabla på beina.