Hopp til innhold

– Tou er framleis størst

Ti år etter folk frå heile Rogaland vende ryggen til Tou og Ringnes, held framleis det gamle «Judas-ølet» stand.

Tou bryggeri 6. april 2003

TOU BRYGGERI: 6. april 2003 demonstrerte dei tilsette på Tou bryggeri på Forus mot flyttinga av produksjonen.

Foto: Alf Ove Hansen / / Scanpix

Nicolay Bruusgaard

Kommunikasjonssjef i Ringnes, Nicolay Bruusgaard, meiner framleis det var riktig å legga ned Tou-produksjonen på Forus.

Foto: Ringnes

Det er ikkje lenge sidan ein blei uglesett om ein kom på fest i Stavanger med Ringnes-øl som klirra i posen.

Nå inneheld stort sett alle ølposane i Rogaland Ringnes sitt Tuborg. Og ute på byen er det framleis Tou det blir konsumert mest av.

70 prosent marknadsdel

Då det i 2003 blei klart at om lag 100 personar skulle mista bryggerijobbane sine ved Tou bryggeri på Forus kokte sinnet hos mange. Utelivet truga med boikott av alt Ringnes-øl og folk som kjøpte Ringnes i butikken kunne risikera å bli bua på av lokalpatriotar.

Men Ringnes var ikkje til å rokka, dei flytta Tou-produksjonen til Austlandet, og lét eit Rogaland utan ølidentitet stå att.

I dag, omtrent ti år etter, merkar Ringnes lite av protestane.

– Me opplever at rogalendingar framleis er veldig glade i Tou, og det er framleis det største lokale pilsmerket i fylke. Marknadsdelen til Tou på pub og restaurant i Rogaland er på heile 70 prosent, fortel kommunikasjonssjef i Ringnes, Nicolay Bruusgaard.

Sjå video: Protestsong

Artisten Svein Tang Wa skreiv protestsong mot Ringnes etter nedlegginga i 2003.

2003: Stavanger-artist Svein Tang Wa skreiv protestsong mot nedlegginga av Tou-bryggeri.

– Mange har vore bleike

Ein som framleis ikkje tar ordet eller ølet Ringnes i sin munn er Lauritz W. Hansen. Han dreiv Skagen Brygge Hotell og Hansen Hjørnet, då nedlegginga av Tou skjedde, og nekta å ta inn Ringnes sitt øl etter dette.

Han er skuffa over utelivsbransjen i Rogaland.

– Når eg høyrer at 70 prosent av marknadsdelen i utelivet er Tou-øl blir eg først og fremst skuffa. Mange har vore bleike og gitt etter, seier han.

Lervig

Lervig er godt representerte med sine spesialøl i daglegvarebutikkar i Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Skagen Brygge er seld til Choice, men pensjonisten har framleis ei hand på rattet på Hansen Hjørnet.

– Her tar me berre inn Lervig-øl, fortel han stolt.

Han var med på å starta opp Stavanger-bryggeriet Lervig, som kom på banen etter nedlegginga av Tou. Sjølv om dei taper stort når det kjem til tappekranane, finst det likevel noko i marknadstala som Hansen kan gleda seg over.

Rogalands pils

Berentsen sitt Rogalands-pils.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Marknadsdelen til Tou i rogalandsbutikkar har gått frå 26 prosent i 2003 til 2,5 prosent i dag.

– Folk som kjøper øl i butikk er meir bevisste på merke enn dei som er på pub. På pub bestiller ein vanlegvis «ei øl», og bryr oss ikkje om merke. I butikkane i Rogaland trur eg mange bevisst går for lokale merke, seier Hansen.

Men patriotismen stikk likevel ikkje lenger enn at rogalendingar hamstrar Tuborg i butikkane.

– Tuborg er i dag det ølmerket det blir solgt klart mest av i norske butikkar, og har i dag ein marknadsdel på rundt 30 prosent av butikkmarknaden i Rogaland, opplyser Bruusgaard.

Nye bryggeri

Bergen har Hansa, Kristiansand har CB og Drammen har Aass. Øl er sterkt knytt til identitet, og Ringnes meiner at Tou-framleis representerer ølidentiteten til Rogaland.

– Det grunnar me med interessa for Tou i utelivet. Pubane i fylket sel Tou fordi det er det gjestane vil ha, seier Bruusgaard.

Ein av dei som er tvert ueinige med han heiter Harald Berentsen.

Tou-protest

Tou-protest.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB scanpix

– Når Tou la ned valde me å konvertera til fullverdig bryggeri, sidan Rogaland trengte eit øl. Me gjekk for namnet Rogalands, slik at alle skulle føla seg inkludert, seier han.

Dermed blei fabrikklokale til Berntsen, som hadde drive med brusproduksjon, omgjort til ølbryggjeri, og alle pubane i Egersund forkasta Ringnes i kranane til fordel for Berentsen-ølet.

Dei har opplevd suksess med ølet sitt, men Berentsen sjølv er ikkje overraska over at Ringnes framleis sel så godt som dei gjer.

– Folk var i harnisk når Tou-bryggeriet la ned, og det var med på å gje oss ein flygande start. Men i det lange løp er nok folk meir bevisste på pris, enn på patriotisme, seier han.

Bryggeriet i Egersund produserer om lag ein million liter øl i året, medan Ringnes til samanlikning leverer om lag 141 millionar liter øl i året. Likevel har Berentsen dei siste åra opplevd at juleølet deira har toppa fleire landsdelane kåringar, og kurvene peikar ifølgje sjefen oppover.

– For ti år sidan hadde me aldri drøymt om dette, men når Ringnes la ned var det eit behov for lokalt øl, og me var med på å fylla denne plassen, seier han.

– Var det klokt av Ringnes å legga ned i Rogaland?

– Må eg svara på det, svarar Berentsen og ler.

Nytt Tou-design rundt hjørnet

Ringnes sjølv meiner framleis at det var riktig å stenga ned på Tou for å samla produksjonen.

– Når me ser korleis den norske ølmarknaden har utvikla seg dei siste åra, var det utvilsamt ei riktig avgjersle og eit nødvendig val for å sikra langsiktige og lønsame arbeidsplassar i Ringnes, seier Bruusgaard.

Men sjølv om ikkje Tou lenger blir produsert i Stavanger, har dei ingen planar om å la ølmerket støva ned av den grunn.

– I daglegvarebutikkane har me fleire planar for merket, og til hausten ser me fram til å tilby alle som er glade i Tou, eit nytt og oppgradert designuttrykk og ny pakkeløysing. Det gjer me fordi me har stor tru på merket i eit lengre perspektiv.