Hopp til innhold

– Tidenes bombe dersom Sandnes seier ja til storkommune

I dag stemmer folket i Stavanger, Sandnes og Sola om de skal slås sammen til landets tredje største kommune - alt tilsier at det blir nei til kommunesammenslåing, mener statsviter

Gosen-elever

10-klassingene Eric Michael Hofgaard (t.v.), Emma Endresen Blindheim, Ine Hermansen og Benjamin Fossan skal delta i folkeavstemningen om storkommune måndag.

Foto: Magnus Stokka

– Eg trur eg kjem til å røyste nei, seier Emma Endresen Blindheim.

– Eg er og ein av dei som skal røyste nei, seier Eric Michael Hofgaard.

– Eg skal røyste ja til kommunesamanslåing, seier Benjamin Fossan.

Les også: Stavanger-ja til framtidig rådhus i Sandnes

Les også: Liker ikke navnet «Nord-Jæren kommune»

Dei er alle 10.-klassingar ved Gosen skule i Stavanger, og er blant dei yngste som skal seia si meining om Stavanger, Sandnes og Sola skal bli til ein storkommune – Nord-Jæren kommune – som vil bli landets tredje største med over 230.000 innbyggarar.

Kommunesammenslåing Jæren

– Meir effektivt

– Eg meiner det ikkje er riktig å slå seg saman med Sandnes. Sidan det er ein såpass stor kommune. I tillegg er eg heller ikkje veldig fan av namnet, Nord-Jæren, eg vil heller at det skal heite Stavanger, seier Endresen Blindheim.

– Eg trur det er bra å slå seg saman, fordi ein kan spara pengar og fordi det blir meir effektivt, seier Fossan.

I dag er den offisielle valdagen – og siste sjanse til å stemma for desse 16-åringane og dei andre innbyggarane i dei tre rogalandskommunane.

Nei-vind

Som elles i landet bles også nei-vinden sterkast i Rogaland. Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, er rimeleg sikker på kva utfallet blir.

Les også: – Å holde folkeavstemninger er bortkastede penger

– Det er veldig overraskande dersom det ikkje blir eit klart nei i Sandnes, eit nei i Sola og eit ja i Stavanger. Sånn har det vore sidan valkampen byrja, og det er lite som tydar på at det vil endra seg, seier Tuastad.

Svein Tuastad

Statsvitar Svein Tuastad er ganske sikker på at det blir nei-fleirtal ved folkeavstemningen i Sandnes og Sola.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Tidenes bombe

– Det er ikkje noko spenning igjen når det gjelder kor vidt det blir ei kommunesamanslåing, i den grad politikarane lyttar til folkerøystingane, for det vil vera tidenes bombe dersom Sandnes skulle seia ja. Sandnes kjem til å seia nei, og dermed blir det ikkje noko av Nord-Jæren kommune.

Dermed ligg det an til nok eit nei frå folket om kommunesamanslåing, og nok eit skot for baugen for kommunereforma.

Les også: Sanner: Ikke folkeavstemning som bestemmer

Les også: Jæren-læren

Statsvitar Tuastad forklarer dette med at det har vore ein lettare valkamp for neisida enn jasida.

– Ja-sida sine klassiske argument om større einingar og betre tenester vanskelegare å kjøpa for folk som bur i kommunar som frå før er store, som Stavanger, Sandnes og Sola, meiner statsvitaren.

Meir opptatt av eksamen

Sjølv om 10.-klassingane ved Gosen skule i Stavanger vil bruka stemmeretten sin, er dei nok i desse tider meir opptatt av eksamen enn kommunegrenser – og ikkje minst sommarferien som snart står for tur.

– Det blir kjekt med sumarferie, men det er jo sjølvsagt også greitt å sjå korleis det går med valet, om det blir noko kommunesamanslåing.