Hopp til innhold

– Terroren i Paris går innpå barna

Den norske kunstnaren Pia Myrvold bur i Paris saman med si tolv år gamle dotter. Ho fortel at dottera og venane hennar er redde for å gå på skulen etter terrorangrepa.

Pia Myrvold

Pia Myrvold er kunstnar og bur i Paris. På onsdag skulle ho opna ny utstilling på Atelier Nord ANX i Oslo, men blir heller verande i Paris saman med dottera.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg prøver å diskutera det som har skjedd med dottera mi så mykje som eg kan. Ho er veldig oppteken av det, seier Pia Myrvold.

Kunstnaren frå Stavanger, som har budd i Paris sidan 1991, bur i ein leilegheit like ved restauranten Le Petit Cambodge. Ein restaurant ho har vore på fleire gonger, og som på fredag blei storma av væpna menn som skaut og drap gjestene som sat på borda.

Ho og dottera på tolv var heime, og då dei høyrde om terroren heldt dei seg inne. Ho fortel at det har gått sterkt innpå dei begge, men at dei prøver å snakka om det.

– Det er fælt

– Me må snakka ut om desse tinga. Eg trur det er viktig å også snakka med barna om kvifor desse tinga skjer og kvifor folk gjer det dei gjer.

Ho fortel at dottera og venane hennar har vore opptekne av dette heilt sidan januar og det som skjedde rundt Charlie Hebdo, men at det denne gong kom tettare på.

– Ei veninne av dottera mi kjende folk som jobba på Kambodsja-restauranten, og alle er døde. Det er tøft for dei å gå gjennom desse tinga. Sjølv om me ikkje kjenner dei direkte så er det fælt, fortel Myrvold.

Ho seier at det pregar heile vennegjengen deira.

– Verken dottera mi eller venane hennar har lyst å gå på skule i morgon. Dei veit at skulen kan vera eit terrormål. Det har dei snakka om heilt sidan Charlie Hebdo i januar. Nå kom det endå nærmare på, fortel ho.

Nektar å vera redd

Sjølv meiner Myrvold at det er viktig at livet går vidare sjølv etter slike hendingar. Ho var i New York 11. september og såg sekunda etter det første flyet hadde flydd inn i World Trade Center og ho har budd i Paris då det var fleire metrobomber på 90-talet.

– Me kan ikkje gå rundt å vera redde. Det er ein viss risiko med å bu i storby, slik er det. Men kva liv er det om me skal gå rundt å vera redde spør ho?

Ho tek likevel dottera sine bekymringar på høgste alvor. Ho skulle reist til Oslo på onsdag for å opna ei kunstutstilling der, men vil heller vere heime i Paris med sine nærmaste.

– Nå må me berre håpa at det ikkje kjem nye åtak, så er det ein jobb for verdas leiarar å jobba meir for menneskeverd og like rettar i den tredje verda og Midtausten, i staden for å berre sleppa ned fleire bomber, avsluttar Pia.

Tidslinje over angrepa i Paris:

Laster innhold, vennligst vent..