NRK Meny
Normal

– Tabu å ikkje vera i form

– Det er slik nå at det er tabu å ikkje vera i form, seier Espen Andersen, ein av deltakarane i halvmaratonkonkurransen 3-sjøarsløpet i Stavanger. Fleirtalet av dei påmeldte i løpet har aldri sprunge så langt før.

3-sjøersløpet

3-sjøarsløpet er fullteikna med 2500 påmeldte dette året.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

Espen Andersen ladar opp til 3-sjøarsløpet i Stavanger

Espen Andersen ladar opp til 3-sjøarsløpet i Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Løpsjef for 3-sjøarsløpet, Martin Svangtun

Løpssjef for 3-sjøarsløpet, Martin Svangtun, på sida av ein av jernmennene i Stavanger sentrum

Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Vigdis Holst tøyer ut etter joggetur

Vigdis Holst tøyer ut etter joggetur

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Espen Andersen er nettopp ferdig med ein åtte kilometer lang runde rundt Store Stokkavatn i Stavanger. Ein eller to slike turar har han unnagjort ofte dette sommarhalvåret, for å klare halvmarathon på om lag 1 time og 40 minutt.

– Eg veit ikkje om det er 40-årskrisa eller kva det er, seier han.

– Men eg ser jo at eg får meir energi og har betre kvardagar når eg er i form.

Rekordpåmelding

Andersen har vore med i 3-sjøarsløpet i Stavanger før, og veit kva som trengst for å kunne gjennomføre 21,1 kilometer. Men han er faktisk i mindretal når årets løp startar klokka 12, laurdag den 1. november. 1500 av dei 2500 påmelde – som er rekord, har aldri stilt opp på ein halvmaraton tidlegare.

– Det er mange som berre er med for å fullføra, fortel løpsleiar Martin Svangtun. Enten har dei eit mål berre for seg sjølv, eller så har dei det saman med venner, seier Svangtun.

Han er skeptisk til å kalle det som nå skjer for ei joggebølge. Det viktigaste er nok at folk har oppdaga kor enkelt og treningseffektivt det er å springa.

– Men det har nok også noko å seie at sosiale media gjer det mogeleg å vise seg fram for vener og kjente på ein heilt annan måte enn tidlegare, meiner Svangtun.

Rekord i Haugesund også

Trimløpet Djupadalten i Haugesund hadde 1585 påmelde deltakarar då det blei gjennomført i haust. Løpet er på 9.7 kilometer og også der er det ein tendens til at opplevinga med å delta, spelar ei større rolle enn kva klokka viser i mål.

– I sist joggebølge på 1980-talet så var det nok meir pes på å slå naboen og å bli betre enn jobbkollegaene. Det slår dagleg leiar i Haugesund Idrettslag, Trygve Voll fast.

Men sjølv om konkurransen på tid ser ut til å vera mindre viktig, så er deltakarane i betre form enn nokon gong før.

– Dei gjennomfører løpet med stil og langt dei fleste gjer det på under ein time, noko som er godt gjort sidan Djupadalten har ein stigning på halvanna kilometer midtvegs, seier Voll.

Helsa er viktigast

– Det er ein trend for å vera i form, seier Vigdis Holst.

Me møter ho ved transformatorstasjonen i nærleiken av Store Stokkavatn. Der står ho og tøyer ut etter ein lengre joggetur. Holst har nå trappa ned si aktive karriere, men til gjengjeld er ho trenar for ei gruppe med jenter, som driv med løping.

– Du ser det på sykling og løping og treningssenter. Det er ein vekkelse som går føre seg. Folk har sett at det ikkje nyttar å berre sitja på rompå, seier Holst.