Hopp til innhold

Kallar butikkstreiken ein kvinnekamp

Butikkstreiken blir trappa opp frå onsdag av. Fagforbundet Handel og Kontor meiner dei blir forskjellsbehandla fordi dei fleste i bransjen er jenter.

Ytterlegare to bedrifter i Rogaland blir tatt ut i streik frå i morgon. NHO og Handel og Kontor vart ikkje samde om årets oppgjer. Blomsterbutikkar og gullsmedar er blant dei som er råka.

SJÅ REPORTASJEN: Sidan laurdag har dei organiserte i Handel og Kontor vore i streik. Onsdag blir streiken trappa opp.

Frå onsdag av blir ytterlegare to bedrifter i Rogaland tekne ut i streik. NHO og Handel og Kontor vart ikkje samde om årets oppgjer, og blomsterbutikkar og gullsmedar er blant dei som er råka. Då blir totalen sju i Rogaland, 55 i heile landet.

Anne Lise Thorske

– KVINNEKAMP: Det seier Anne Lise Thorske, regionsekretær Handel og Kontor i Rogaland og Agder, at streiken er.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Rett før me var i mekling, så var transportarbeidarane inne. Dei er stort sett gutar, og dei klarte å få til ein opptrappingsplan som Handel og Kontor ikkje fekk til for sine jenter. Dermed blir det ein forskjell på dei som er gutar og dei som er jenter.

– Er dette ein kvinnekamp?

– Ja, det er det.

Partane har ikkje vore i forhandlingar sidan streiken starta, og dei står langt ifrå kvarandre.

Sigbjørn Mygland

– UAKSEPTABELT KRAV: Det seier Sigbjørn Mygland i NHO.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Dette har ingenting med kjønn å gjera, det har med bedriftene si bereevne å gjera. Desse bedriftene er små faghandlar og butikkar som sel varer over disk, og kan sjølvsagt ikkje samanliknast med store transportbedrifter, seier Sigbjørn Mygland, forhandlar i NHO.

– Den garantiordninga Handel og Kontor ønskjer seg er heilt umogleg å akseptera for NHO og våre bedrifter, held han fram.

I morgon trappar Handel og kontor opp streiken, og to nye bedrifter i Rogaland vil bli råka. Då er følgjande bedrifter i Rogaland i streik:

Øyra Bakeri i Sauda, Christophersen i Sandnes, Musegate Blomster i Stavanger, Blomsterdekor Kvadrat i Sandnes, Håland Kjøtt på Kleppe og Haugli bakeri avdeling Bakerihjørnet og avdeling Oasen, begge i Haugesund.