Hopp til innhold

– Stemninga var kaotisk

Journalist i Stavanger Aftenblad, Finn E Våga frå Bryne, var i Paris då byen blei ramma av fleire terrorangrep i går kveld.

Finn E Våga var i Paris då angrepa skjedde

Journalist i Stavanger Aftenblad Finn E Våga var i Paris saman med ein kollega, i samanheng med fotofestivalen Paris Photo, då angrepa skjedde.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters / NRK

– Eg sat på hotellrommet då eg såg nyheita om at sju personar var drepne i ei skotveksling. Eg tenkte at det kunne vera eit terrorangrep, og gjekk ut for å sjå kva som gjekk føre seg, fortel Finn E Våga som er i Paris i samanheng med festivalen Paris Photo.

Hotellet han var på ligg i Avenue de l'Opéra ein halv time gonge frå åtaket på Rue Beaumarchais.

Medan han gjekk kom det inn fleire nye meldingar om at det var snakk om fleire angrep og fleire drepne. Han opplevde ein by prega av skytteltrafikk med politibilar og ambulansar og folk panikk.

Spente, usikre og redde

– Stemninga var ganske kaotisk. Mange prøvde å koma seg inn i taxiar eller bussar for å koma seg heim så fort som mogleg. Eg blei stoppa av to eldre damer som spurde om dei kunne vera saman med meg dersom eg klarte å praia ein drosje, seier han.

Han legg til at folk var spente, usikre og redde.

Våga og kollegaen har returreise på sundag. Fram til då er han usikker på kva dei skal gjera. Slik som andre folk i Paris også er usikre.

– Terroren har ramma vilt

– Kan me til dømes opphalda oss der det er fleire folk samla? Nå har jo meldinga kome om at alle terroristane er drepne, så eg håper jo at stemninga blir litt mindre spent etter kvart, seier han.

– Kva tenker du om det som har skjedd?

– Det er den verste valdshandlinga i Paris sidan andre verdskrig, og ein terror som har ramma heilt vilt. Det er berre til å ha medkjensle og omtanke til dei som er ramma personleg, deira nærmaste og til Paris, seier Våga.