NRK Meny
Normal

Protesterer mot parkeringsplanar

5000 nye parkeringsplassar i Stavanger er alt for mykje, ifølgje fylkesmannen i Rogaland. Meiner framlegget til sentrumsplan bryt med nasjonale mål om redusert biltrafikk.

Køer i parkeringshus

Med nesten ein million nye kvadratmeter til ulike sentrumsføremål i Stavanger, kan det bli trongt i parkeringshusa. 5000 nye parkeringsplassar er likevel alt for mykje, meiner Fylkesmannen.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

– Nasjonale føringar legg til grunn at auka persontrafikk i storbyområda skal løysast med kollektivtransport, sykkel og gange. Derfor meiner Fylkesmannen at parkeringsnorma i sentrum må justerast ned i det endelege forslaget, tilsvarande dei andre storbyområda i landet.

Det skriv fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa i si uttale til framlegget til ny sentrumsplan for Stavanger.

Også Vegvesenet er skeptisk

Magnhild Meltveit Kleppa

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa meiner Stavanger kommune legg opp til altfor mange parkeringsplassar.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

Dei 5000 nye parkeringsplassane kjem i samband med at planen ifølge fylkesmannen opnar for nesten ein million nye kvadratmeter til sentrumsformål. Sjølv om parkeringsnorma, det vil seia kor mange parkeringsplassar det skal vera pr. kvadratmeter bygg eller pr. husvære. er redusert i planframlegget, blir det likevel for mange, meiner Fylkesmannen.

Også Statens vegvesen er skeptisk til alle dei nye parkeringsplassane.

– Som statleg sektormyndighet gir Statens vegvesen eit sterkt fagleg råd om å avgrense omfanget av parkering i sentrumskjernen, heiter det i deira uttale til framlegget.

Roser sykkelsatsing

Fylkesmannen meiner elles at framlegget til sentrumsplan er godt og interessant. Ho trekk fram at planen har stor merksemd rundt å få fleire til å bruka sykkel.

– Planen er dessutan godt i samsvar med Regionalplan for Jæren. Hovudgrepet "kompakt by" følgjer opp statlege planretningsliner om samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, meiner Fylkesmannen.

– For dårleg flaumvern

Men flaumvernet er ikkje godt nok teke vare på i planen, meiner ho, og varslar motsegn på dette punktet.

– Risiko- og sårbarheitsanalysen viser at eit høgare havnivå gir stormflofare i lågareliggjande område. Det betyr stor fare for skade på kulturelle verdiar, infrastruktur og bygningar. Kommunen ønskjer å hindra dette med å byggja flaumvern. Dette er eit stort inngrep med heving av landskap, brygger, murar, diker og liknande som sterkt vil påverka utforminga av byen. Fylkesmannen kan ikkje sjå at flaumvernet på dette stadiet er tilstrekkeleg greidd ut med tanke på utforming, teknisk og økonomisk gjennomførbarheit og juridisk ansvar, heiter det i uttalen.

Høy vannstand i Vågen i Stavanger

Lågareliggjande område i Stavanger er utsett for stormflo som her i Vågen. Korleis byen skal sikrast mot dette er for dårleg greidd ut i framlegget til sentrumsplan, meiner Fylkesmannen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK