Hopp til innhold

Ole Paus: – Stavanger er bygd for festivalar

Årets Spellemann, Ole Paus, rosar vertskapsbyen for Spellemannshowet.

Ole Paus

Ole Paus skryt av Stavanger og meiner byen er bygd for å arrangera festivalar.

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

– Stavanger er bygd for å laga festivalar. Det er ein utruleg fin by, skryt gårsdagens vinnar av den gjevaste prisen under Spellemannshowet i Stavanger konserthus, Årets Spellemann.

Dette var den siste spellemannsfesten for den folkekjære artisten.

– Det er ei tid for alt, og dette var den siste utdelinga for meg. Det er nok nå, seier viseartisten til NRK.no.

– Kva er ditt beste spellemannsminne?

– Det trur eg var då Vidar Sandbeck fekk viseprisen. Han slo meg, men det var så innmari fortent, seier Paus.

(Artikkelen held fram under videoen).

Ole Paus ble kåret til Årets Spellemann det samme året han har annonsert at han er ferdig som plateartist. Han sier likevel at han vil holde frem med å skrive sanger.

VIDEO: Sjå intervju med Ole Paus.

Les også: Vann Metall-pris med spesialsydd bunad

Les også: Spellemann 2013: Her er vinnerne

Lovord frå Morten Harket

I går var det andre gongen Spellemannshowet blei arrangert i Stavanger. Og det er ikkje berre Ole Pause som set pris på det. Morten Harket likar òg at det finst store musikkarrangement utanfor Oslo.

– Det er friskt og bra at Spellemannshowet har flytta ut av hovudstaden, seier han til NRK.no.

Les også: Se bilder og video fra rød løper

Fornøgd publikum i år

Prisutdelinga føregår i begge salane i Stavanger konserthus, både Zetlitz-salen og Fartein Valen-salen. I fjor kom det ei god bunke klager til arrangørane då fleire pulikummarar følte seg snytt for store delar av festen.

Dei fleste prisane blei nemleg utdelte i Zetlitz-salen. Dermed følte publikummarar i den andre salen, Fartein Valen, at dei hadde hamna på eit slags B-lag med lagt færre prisar, sjølv om dei hadde betalt same pris for billettane.

Arrangørane hadde retta opp i skeivfordelinga i år, noko publikum tydelegvis sette pris på. For det var stort sett berre lovord å hausta frå publikum i år.

– Eg sat i Fartein Valen-salen og hadde det veldig kjekt. Det var mykje bra musikk og bra show, seier Terje Løvereide til NRK.no.

Sigrun Nevland hadde plass i nabosalen, Zetlitz.

– Det har vore kjempegildt, og eg har kost meg masse, seier ho.