Hopp til innhold

– Staten har ansvaret for beredskapen på Preikestolen

Leiaren av næringskomiteen på Stortinget meiner Staten bør bidra økonomisk til å sikra beredskapen på Preikestolen.

Geir Pollestad

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad, er klar på at staten må ta sin del av ansvaret for å gjera det trygt for turistar å gå til Preikestolen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Beredskap og tryggleik er eit offentleg ansvar. Turistnæringa får ta ansvar for det som er deira oppgåve, og så får staten ta sitt ansvar for beredskapen, seier leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad.

Etter fleire redningsaksjonar på Preikestolen denne sesongen, har debatten gått rundt kven som skal betala for å gjera turen trygg for turistane.

Norsk Folkehjelp har gjort mykje av arbeidet på dugnad. Men dei har etterlyst økonomisk støtte til mellom anna nytt utstyr.

Preikestolen

Slik såg det ut på stien til Preikestolen i sommar. Fleire turistar måtte då få hjelp av Norsk Folkehjelp til å koma seg ned.

Foto: Norsk Folkehjelp Strand og Forsand

– Eit nasjonalt ansvar

Torsdag var politikarar, turistnæringa, politiet og redningsmannskap samla på møte om beredskapen på Preikestolen.

Der understreka Pollestad at beredskapen er eit nasjonalt ansvar:

– Norge, og staten, brukar millionar av kroner kvart år på å få folk til å koma til denne regionen. Då er det veldig rart at det er lokale redningskorps som må gjera jobben med å redda folk ned, på dugnad og gjerne med utgifter.

Friluftslivet kostar

Han får støtte frå generalsekretæren i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal. Ei større tilstrøyming av turistar til fleire destinasjonar rundt om i landet, har skapt eit behov for ei nasjonal ordning, meiner han.

Generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk friluftsliv

Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv etterlyser meir pengar frå Regjeringa.

Foto: Joe Urrutia

– Det har ikkje vore gode nok ordningar, og kanskje det heller ikkje har vore eit behov for det tidlegare, for statleg finansiering. Men no er belastninga større enn det kommunane kan bera, og då må storsamfunnet stilla opp med ressursar, seier Heimdal.

Han etterlyser difor meir pengar frå Regjeringa.

– Pengar er viktig. Det kostar å leggje til rette, det kostar med beredskap, og det kostar å sørge for at turistar kjem seg trygt fram og tilbake, seier Heimdal.

Pengar frå Stavanger

Enn så lenge kan Norsk folkehjelp gleda seg over at det kjem økonomiske bidrag frå andre kjelder. Stavanger kommune gjekk torsdag inn for å løyva 100.000 kroner.

– Formannskapet vil løyve 100.000 kroner til det fantastiske arbeidet som Norsk folkehjelp gjer. Rådmannen hadde innstilt på null, men fleirtalspartia meiner at me også må ta eit ansvar her, seier kommunalråd Per A. Torbjørnsen frå Venstre.