NRK Meny
Normal

– Startar drifta ved In Amenas

Ifølgje det franske nyheitsbyrået AFP er gassutvinninga ved In Amenas allereie i gang etter terroraksjonen. – Dette kjenner ikkje me til, seier pressetalsmann Bård Glad Pedersen i Statoil.

In Amenas

Drifta ved anlegget i In Amenas skal snarast takast opp att, lover Algeries energiminister Youcef Yousfi. Han er overbevist om at utanlandske arbeidarar vil vende tilbake

Foto: SCANPIX / Reuters

Bård Glad Pedersen

– Me har framleis fullt fokus på å gjera greie for dei sakna, seier pressetalsmann i Statoil, Bård Glad Pedersen.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

Det berre ei snau veke sidan terroristar tok fleire gissel på gassanlegget til Statoil, BP og Sonatrach i In Amenas i Algerie.

Sjølv om fem nordmenn framleis ikkje er gjort greie for og fleire døydde under aksjonen, skal anlegget nå vera i gang att.

– Arbeidet med å restarta anlegget har byrja, men det vil ta ei veke før alt er tilbake ved det normale, seier ei algerisk sikkerheitskjelde til det franske nyheitsbyrået AFP.

Statoil kjenner ikkje til dette

Bård Glad Pedersen er pressekontakt i Statoil, han har lese meldingane frå AFP, men seier at dei ikkje har kjennskap til oppstartinga.

– Me har ingen informasjon om at gassutvinninga ved In Amenas er tatt opp att, seier han til NRK.no.

Han legg også til at dette heller ikkje er noko dei har fokus på nå.

– Me jobbar framleis for fullt for å gjera greie for dei fem sakna Statoil-tilsette nordmennene, og det er det som er viktig for oss nå, seier han.

Ingen av dei heimkalla Statoil-arbeidarane vil heller bli sende tilbake til anlegga In Salah eller In Amenas før selskapet vurderer situasjonen der som heilt sikker.

– Det er ei føresetnad for oss at det er trygt, og det er våre eigne vurderingar som skal ligga til grunn for at det er trygt nok, seier Glad Pedersen.

Han kan ikkje svara på når Statoil-tilsette eventuelt skal tilbake til Algerie.

Trur arbeidarane kjem tilbake

Ei rekke utanlandske selskap evakuerte sine tilsette frå Algerie som følgje av terrorangrepet i førre veke.

Algeries energiminister Youcef Yousfi er overbevist om at dei utanlandske arbeidarane snart kjem tilbake.

– Eg trur ikkje desse arbeidarane har forlate Algerie for godt. Kanskje nokon av dei reiste frå landet for å roa familiane sine, men eg kan forsikra om at ingen selskap eller nokon arbeidarar har reist for godt, seier Yousfi til det statlege nyheitsbyrået APS.

Algeries energiminister understrekar at tryggleiken nå er skjerpa ved alle olje- og gassinstallasjonar i Algerie, utan å gå i detalj på dette.

Kalla tilbake på jobb

Ifølgje tryggingskjelder i Algerie er arbeidarane som slapp uskadde frå angrepet nå kalla tilbake på jobb, for å delta i arbeidet med å restarta anlegget.

Det er også henta inn ekspertise frå andre gassanlegg i Algerie for å få i gang drifta. Anlegget produserte før angrepet rundt 50.000 fat våtgass i døgnet.

Algerie produserer nærmare 1,9 millionar fat olje om dagen, nesten like mykje som Norge, og er heilt avhengig av inntektene.

Landet er også verdas åttande største produsent av naturgass og den tredje største gassleverandøren til europeiske land.

Olje- og gassektoren finansierer rundt 60 prosent av statsbudsjettet i Algerie, utgjer nærmare 40 prosent av landets bruttonasjonalprodukt og sørgjer for 97 prosent av eksportinntektene, viser tall frå Det internasjonale energibyrået (IEA).