Hopp til innhold

– Skikkeleg gjennombrot for Ålgårdbanen

Transportkomiteen i Stortinget gjekk i dag inn for å greia ut framtida for Ålgårdbanen saman med ei utviding av Jærbanen sørover på Jæren. – Dette er eit skikkeleg gjennombrot for gjenopning av Ålgårdbanen, meiner stortingsrepresentant Eirin Sund (Ap).

Ålgårdbanen

Det siste persontoget på Ålgårdbanen gjekk i 1955. Nå meiner både Ap og Venstre at det er nytt håp om at banen snart kan opna igjen.

Foto: Steinar Tjessem

Ålgårdbanen, altså togstrekket mellom Ganddal og Ålgård, blei lagt ned på 50-talet.

I dag er skjenegangen i delvis elendig tilstand, men fleire har i mange år ivra for å få nytt liv i den 11,9 kilometer lange jernbanestrekningen.

I fjor sommar kasta Kongeparken seg på i debatten og tok til orde for å gjenopna togbanen til Ålgård. Frå før er det tverrpolitisk ønske i Gjesdal om å opna banen.

I dag gjekk altså ein samrøystes transportkomite på Stortinget inn for å greia ut Ålgårdbanen saman med ei utviding av Jærbanen sørover på Jæren. Det betyr at moglegheitene for ein samankopling mellom Ålgårdbanen og Jærbanen nå skal utgreiast.

Eirin Sund

Eirin Sund, stortingsrepresentant for Ap.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette er eit skikkeleg gjennombrot for Ålgårdbanen, og ein utruleg bra dag. Når transportbudsjettet blir behandla i Stortinget på torsdag, så vil eit samrøystes Storting gå inn for dette, seier Eirin Sund.

Ap: – Bra for miljøet

Ho er trygg på at utgreiingane vil visa at det er liv laga for å kopla samane Ålgårdbanen med Jærbanen.

– Eg trur utgreiingane vil visa at dette er bra for å skapa ein god bu- arbeidsmarknadsregion og at det er bra for miljøet, seier Sund.

Sund poengterer at ein ny bane mellom Ganddal og Ålgård vil kosta ein del pengar, men at det er vegen å gå for at folk skal kunna velja kollektivt framfor bilen i regionen.

Venstre: – Kjempesiger

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Alexander Lunde, leiar Rogaland Venstre.

Foto: Mari Halvorsen

Venstre føreslo gjenopninga av Ålgårdbanen i sin alternative transportplan (NTP) i 2013. Då forslaget kom opp i Stortinget juni same år var det berre Venstre som stemte for banen.

Fylkesleiar i Rogaland, Kjartan Alexander Lunde, karakteriserer det som ein kjempesiger for Venstre at både Ålgårdbanen og dobbeltsporutviding på Jærbanen blir sett på under eitt.

– Det mykje som tyder på at dette banealternativet blir løfta fram gjennom auka fokus og at det blir sett på dagsorden. Banen ligg i eit område der me treng eit kollektivtilbod for å ta unna den framtidige trafikkveksten.

Jernbaneverket har tidlegare sagt at opning av Ålgårdbanen truleg ligg godt over 15 år fram i tid. Årsaka er at Jernbaneverket meiner 600.000 potensielle reisande i året er for lite.