Hopp til innhold

– Sjela i Stavanger forsvinn

Stavangerfolk sin mentalitet må endrast om byen skal reddast, meiner Thomas Middelthon. Han er styremedlem i Vårt Stavanger, og har sett seg lei på at det ikkje er liv laga for tradisjonsrike butikkar i sentrum.

Hauge på torget

LEGG NED: Etter 129 år i Stavanger sentrum legg den tradisjonsrike kledebutikken, Hauge på torget, ned.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Thomas Middelthon

Thomas Middelthon er styremedlem i Vårt Stavanger, og rasar over korleis sentrumsutviklinga har blitt.

Foto: Eirin Larsen / NRK

På laurdag kom nyheita om at det var kroken på døra for Hauge på torget.

Den tradisjonsrike kledebutikken har hatt sin plass i hjarta av Stavanger sentrum heilt sidan 1883. Nå tar Burger King over lokala.

Årsaka til nedlegginga er ifølgje Stavanger Aftenblad ein brå nedgang i omsetjing etter torget i Stavanger blei bygd om.

– Blir nedstemt

– Det er berre å registrera at sjela i Stavanger forsvinn. Det byrja med rivinga av posthuset, og oppbygginga av St. Olavs-plassen, seier Thomas Middelthon.

Det sjølvutnemnde arkekonservative styremedlemmen i Vårt Stavanger reagerer på at nok ein tradisjonsrik butikk blir lagt ned. Han meiner det er ein del av ei svært uheldig utvikling.

– Eg er inne i siste kvartal av levetida mi, og eg håper eg slepp å sjå så mykje meir av dette, for eg blir verkeleg nedstemt, seier Middelthon.

Lenger oppe i gata for Hauge, ligg Rolfsen. Også ein kledebutikk med djupe røter i Stavanger. Kjøpmann i butikken Morten Bjørnsen, tykkjer også nedlegginga er trist:

– Eg har ete komle med Hauge kvar torsdag i 20 år nå, seier han.

Han trur årsaka er omstrukturering av torget, og at tyngdepunktet i byen har blitt endra etter det nye kjøpesenteret ved Stavanger Aftenblad kom. Likevel opplever ikkje Rolfsen nedgang i omsetjing:

– Me har avslutta det beste året i bedrifta si 88 år lange historie, så me er heldige at me ligg der me ligg, og me håper at me skal bli minst like gamle som Hauge blei, seier Bjørnsen.

Hauge på torget

Utstillingsvindauget hos Hauge har nærmast blitt ein attraksjon i Stavanger sentrum.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Aldri hatt så god økonomi som nå

Ifølgje Middelthon er det to hovudårsaker til at Hauge må leggja ned. Ombygginga av torget, og at folk reiser ut på kjøpesentera når dei skal handla.

– For ein arkitekt kan det nye torget kanskje sjå fint ut, men det er jo heilt daudt her, det er tomt for folk, seier han.

Men det manglar ikkje på folk i dei store kjøpesentera som ligg utanfor byen.

– Folk i Stavanger burde ikkje reisa ut av byen for å handla. Nå har me mista ein butikk for vaksne, med kvalitetsklede. Stavanger er ein historisk trehusby som me burde tatt betre vare på.

Karl Johan Søyland er leiar i Stavanger sentrum, han meiner at det berre er naturleg at Hauge blir bytta ut med Burger King:

– Ein by må vera ein levande organisme. Nokon kjem, medan andre går. Slik har det alltid vore, og slik vil det alltid vera i Stavanger, seier Søyland.

Han understrekar likevel at det er trist å mista Hauge, men seier at det likevel er gode tider for sentrumshandelen:

– Me har ein veldig privatbilbasert handel, og Stavanger er ikkje bra tilrettelagd for parkering. Likevel er det viktig å sei at det i etterkrigstida aldri har vore fleire butikkar i sentrum enn det er nå, og sentrumsøkonomi har aldri vore betre, seier han.