Hopp til innhold

Birkedal: – Seksualiteten min blei som ein trykkokar

– Eg tillot ikkje leva ut seksualiteten min. Den blei som ein trykkokar, seier sextiltalte Trond Birkedal. I lagmannsretten nektar den tidlegare Frp-toppen på ny for seksuell omgang med ein 15-åring.

Birkedal glad for å setja punkt

Trond Birkedal ville ikkje bli fotografert i lagmannsretten måndag. Her eit arkivbilete av Birkedal.

Foto: NRK

Den tidlegare leiaren for Framstegspartiet sitt ungdomsparti (FpU) møtte måndag til ankesaka i Gulanting lagmannsrett.

Birkedal blei i tingretten dømd til fengsel i 60 dagar for mellom anna å ha snikfilma unge gutar på badet sitt, men frifunnen for seksuelle overgrep mot to gutar under 16 år.

Ei av sakene mot dei to gutane blei av statsadvokaten anka til lagmannsretten. Måndag tok ankesaka til i Gulating lagmannsrett i Stavanger.

Først til å forklara seg var den fornærma mannen, som i dag er 19 år gammal. Han sa han blei kjent med Birkedal via internett, utan at han visste kven det var han kom i kontakt med.

– Fornekta at eg var homofil

Han skildra lågmælt, men detaljert, kva som hende då overgrepet skal ha skjedd på eit hotellrom i Oslo juli 2008. Ifølgje 19-åringen hadde dei to oralsex med kvarandre.

– Han var helten min i politikken, forklarte 19-åringen til lagmannsretten.

Etterpå var det Birkedal sin tur til å forklara seg. Han innleia med å fortelja om sitt forhold til eiga seksuell legning.

– Eg fornekta lenge at eg var homofil, heilt til hausten 2011. Eg levde i mange år med ei undertrykt seksuell legning. Det blir til slutt som ein trykkokar, sa han.

Vidare nekta Birkedal for tiltalen, som går på seksuell omgang med ein mindreårig.

– Eg har alt innrømma å snikfilma folk i dusjen og utveksla nakenbilete via internett. Men eg erkjenner ikkje straffskuld for dette tiltalepunktet. Det skjedde ingenting på hotellrommet, sa han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Blei kjende på internett

Birkedal og den fornærma 19-åringen blei altså kjende med kvarandre via internett. Dette skjedde mellom år 2007 og 2008. Ifølgje forklaringa til Birkedal visste han ikkje då at 19-åringen var homofil.

Birkedal avviser også at dei to har hatt mykje kontakt.

– Eg var mellom anna på ein fem vekers studietur i USA i 2008. Det er feil at me hadde hyppig kontakt, hevdar Birkedal.

Same året går Birkedal av som leiar for FpU. Han blir samstundes leiar for bystyregruppa til Frp i Stavanger.

Vanleg med overnattingar

På spørsmål om han reflekterte over at ein leiar i partiet sov på same rom som ein 15-åring, svarte Birkedal:

– Eg kan forstå at folk reagerer, men det er ikkje første og siste gong nokon overnattar på same rom i FpU-samanheng.

Birkedal var 21 år gammal då han blei leiar for Frp sitt ungdomsparti. Han fortel at ungdomspartiet trengde ein tydeleg leiar, men at det var umogleg for han å gå inn i vervet som homofil.

– Å stå fram som homofil har vore ein lang prosess. Familien måtte lesa om det i avisa før dei fekk vita det, seier han.

Strafferamme på seks år

Strafferamma for seksuell omgang med barn under 16 år er fengsel i opp mot seks år (straffelova paragraf 196).

Birkedal risikerer likevel ei langt mildare straff. I tingretten la aktor ned påstand om fengsel i ni månader for dette og alle dei andre forholda i tillegg.

Det er sett av tre dagar til saka i Gulating lagmannsrett. Siste dag er onsdag.

Intervju med forsvarer Arvid Sjødin og bistandsadvokat Hege Salomon.

VIDEO: Intervju med forsvarar Arvid Sjødin og bistandsadvokat Hege Salomon før rettssaka starta måndag. Foto: Ole Andreas Bø, NRK.