NRK Meny
Normal

– Rusen gjorde meg inneslutta og angstfull

Strand kommune er rusversting i heile Helse Stavanger-regionen, ifølge kommunen sin brukarplan. Nå vil dei ansvarlege snu trenden. For Murph Morten Kalviknes (29) blei ein tur til Thailand vegen ut av ruskvardagen.

Murph Morten Kalviknes

Murph Morten Kalviknes (29) trur det vil vera positivt dersom det blir oppretta nye russtillingar i Strand.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Eg sleit stort sett med amfetamin. Det var det som var vanskelegast og som øydela livet mitt mest, fortel Kalviknes.

29-åringen frå Jørpeland begynte å rusa seg som 18-åringen. 10 år som rusmisbrukar sette sine spor.

– Det gjorde meg inneslutta. Eg kutta kontakt med alt av familie og venner. Rusen fylte meg med angst og det var utfordrande å komma tilbake til kvardagen.

Ein tur til Thailand, der han møtte menneske frå heile verda, blei vegen ut av rusen for 29-åringen. I fjor var han rusfri.

– Det er knallbra. Det beste er at eg kan seia ja til alt utan at rusen stoppar meg. Eg står fri til å velja det eg vil.

Gode erfaringar

29-åringen har trossa både kulde og snøbyer, og har tatt turen til Jørpelandsholmen – ein kort båttur frå Vågen i Jørpeland. Han deltar på det nyoppretta arbeids- og aktivitetstilbodet for tidlegare- og nåverande rusmisbrukarar, «Stasjonen».

Alt etter fire månader har arbeidet gitt resultat, merkar leiaren for prosjektet, Mads Hjelmen. I dag står strandrydding, og ikkje minst grilling av villaks på bål, på agendaen.

– Eg har god erfaring med at bruk av naturen fungerer veldig godt. Det viser også erfaringane frå nyare behandlingsinstitusjonar.

Mads Hjelmen

Mads Hjelmen er leiar for eit arbeids- og aktivitetstilbodet for rusmisbrukarar i Strand og har tru på aktivitetar i frisk luft.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Omfattande rusproblematikk

Men trass positive erfaringar med dette prosjektet, har Strand kommune store utfordringar på rusfeltet. Førre kartlegging frå slutten av 2015 viste at det var 130 rusmiddelavhengige i kommunen, fleire av dei tunge brukarar.

– Sidan me starta kartleggingane i 2011, er det Strand som har hatt den størst delen kartlagde rusmisbrukarar av kommunane i Helse Stavanger. Me har ein omfattande rusproblematikk, seier ruskoordinator Jeanette Litlatun Fossmark.

Ho seier brukarar fortel at dei begynte med rus alt ned i 12-årsalderen.

– Kvifor har det blitt slik i Strand?

– Det er veldig vanskeleg å svara konkret på det. Rusforskar Sverre Nesvåg samanliknar Strand med andre industrisamfunn som Sauda og Odda, og meiner det kan ha noko med strukturen på industrisamfunn å gjera.

Jeanette Litlatun Fossmark og Nils Kjetil Nessa

Ruskoordinator i Strand, Jeanette Litlatun Fossmark og Nav-leiar i Strand, Nils Kjetil Nessa.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Søker tilskot til nye stillingar

I dag er det ti årsverk som jobbar med rusproblematikken i Strand, både på Nav, i psykiatritenesta og i Familiens hus. Men dei som har ansvaret for dette i dag vil styrka satsinga, og har derfor søkt styresmaktene om tilskot til seks nye stillingar som kan jobba med rusarbeid i kommunen.

– Me har sett på stillingar innanfor ettervernstilbod, behandling og på det å fanga opp ungdommar tidlegast mogleg, fortel Nav-leiar i Strand, Nils Kjetil Nessa.

– Det har aldri vore fokus på dette før, så eg trur det kan bli positivt dersom dei klarer å oppretta nye stillingar. Folk treng hjelp, er meldinga frå tidlegare rusmisbrukar, Murph Morten Kalviknes.