NRK Meny
Normal

– Røykarar bør stemma Frp

Hallgeir Langeland (SV) og Eirin Sund (Ap) legger raudgrøne strategiar medan dei røykar på Stortinget, men vil ikkje kapra røyke-stemmer.

Hallgeir Langeland, Eirin Sund og Truls Drageset Dydland

Frå venstre Hallgeir Langeland (SV, raud Prince i handa), Eirin Sund (Ap) og Truls Drageset Dydland (Raudt) røyker alle tre. Dei vil likevel ikkje bli tatt bilete av med ein sigarett i munnen, og gøymer han vekk når kameraet kjem fram. Men snakka om røyking kan dei.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ni listetoppar er onsdag på busstur med NRK og Stavanger Aftenblad, og kvar gong bussen tar seg ein liten stopp, er det tre som skundar seg ut.

Hallgeir Langeland (SV), Truls Drageset Dydland (Raudt) og Eirin Sund (Ap) nyttar sjansane dei får til å ta seg ein blås.

Skal dette bli ei sak? Mor mi kjem til å klikka.

Truls Drageset Dydland, valkamprøykar

– Når eg først røyker, er dette ein utruleg kjekk gjeng å røyka saman med, seier Eirin Sund og ler.

– Det er idiotisk

Den offisielle historia er at ho har røyka sidan ho var 19 år, men eigentleg byrja ho i 15-års alderen. Nå røyker ho Prince Gold. Om lag 20 til dagen.

Hallgeir Langeland

Hallgeir Langeland (SV) røyker raud Prince, om lag 20 til dagen. Han tok sin første røyk då han var 18 år gammal.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Eirin Sund

Eirin Sund (Ap) røyker Prince Gold, om lag 20 til dagen, og ho tok sin første røyk då ho var 15.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Truls Drageset Dydland

Truls Drageset Dydland røyker Blue Master. Kvar dag under valkampen røykar han fem til seks sigarettar. Han tok den første då han var 18.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er idiotisk å røyka, og eg burde ikkje gjort det, men nå er det slik at eg likevel gjer det. Eg har alltid sagt til barna mine at eg byrja då eg var 19, men eg har aldri røykt medan eg har vore gravid eller amma, seier ho.

– Kva snakkar de om når de røyker?

– Av og til så står me berre rett opp og ned og røyker, andre gonger snakkar me om laust og fast, men som regel sklir samtalen inn på politikk, naturleg nok.

– Mange viktige avgjersler på røykerommet

Hallgeir Langeland har ho lenge røykt saman med.

– Eirin og meg plar røyka saman på røykerommet på Stortinget også. Her er det mange viktige avgjersler som blir tatt. Me bestemmer oss ofte om kva rogalandspolitikk me saman skal satsa på å få gehøyr for, seier Langeland.

Sund stadfestar dette.

– Me har ein veldig travel kvardag. Då blir desse rolege stundene på røykerommet veldig viktige, og me kan prata roleg saman, seier ho.

Langeland røyker om lag 20 raude Prince kvar dag.

– Det er ikkje sunt å røyka, men det er veldig sosialt og kjekt, seier han.

Nøgd med røykelova

At han må ut av bussen, plagar han ikkje.

– Me ønsker berre å røyka, ikkje å plaga andre.

Han slår fast at han er godt nøgd med røykelova som er i dag.

– Restriksjonar har kome for å bli, lite å gjera med dei. Det viktige er at det funkar, seier han.

Truls Dragseth Dydland er den vanskelegaste å få i tale om røyking og røykevanane.

– Skal dette bli ei sak? Mor mi kjem til å klikka, seier han.

Røyker og drikk smudi i valkampen

Den yngste politikaren på bussen seier at han ikkje røyker meir enn fem til seks røykar av merket Blue Master dagleg nå i valkampen. Elles røyker han ikkje utanom fest.

– Valkamp er ikkje bra for kroppen. Det blir lite svevn, dårleg mat, mykje kaffi og på toppen av det heile blir det røyking. Eg røyker for å roa meg ned når det er mykje stress. For å kompensera for alt det dårlege eg får i meg, prøver å drikka minst ein smudi kvar dag, seier han.

På bussturen er han også svært nøgd med røykeselskapet.

Artikkelen held fram under biletet.

Elevar på Dalane vidaregåande skule

Sindre Sør-Reime Bore (16) er ein av skuleelevane som røykar på skulen politikarane er på besøk. Han meiner det er altfor dyrt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Når eg først røyker, er dette dei beste eg kunne hatt til å røyka med. Alle historiene dei fortel gjer at det nesten er verdt å røyka, seier Dydland.

Solveig Horne

Solveig Horne (Frp) røyker ikkje, men meiner hennar parti er det einaste som vil ha prisane ned for å bremse smuglinga.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Meiner tipakning-forbod er rart

Men kven bør røykarane stemma på? Ingen av dei røykande politikarane har eit raskt svar.

– Ein røyker bør som alle andre stemma på det han meiner er det rette partiet for seg. Eg er glad for at me har restriksjonar for det er viktig å avgrensa røyken, seier Sund.

– Han bør stemma på meg, for eg har vist at det er sosialt å røyka, seier Langeland og ler.

– Ein røykar bør ikkje røyka, men han bør stemma raudt, seier Dydland.

Han meiner at det er bra med restriksjonar, men at det ikkje bør bli strengare for røykarar.

– Det har gått litt raskt i svingane i det siste med restriksjonar. Eg meiner at forbodet mot tipakningar er veldig rart. Men prisane er greie og røykelova er fin, seier listetoppen frå Raudt

Frp: – Røykarar, stem på oss

Frå bussetet ved sida av kjem det ein lyd frå ei ikkje-røykande kvinne. Solveig Horne (Frp) vil ha eit ord med i røykedebatten.

– Ein røykar bør stemma Frp. Me vil ha ned prisane, noko som vil vera bra for økonomien til røykarar. I tillegg vil me vil få mindre smugling, som i dag er eit stort problem.

Ho er likevel klar på at ho ikkje er for røyking i seg sjølv, men respekterer at det er folk som vil røyka, og at dei heller ikkje vil slutta. Sjølv har ho ikkje lyst å bli med i Langeland, Sund og Dydland sin eksklusive røykeklubb.

– Det er ein klubb som berre blir mindre og mindre, og dersom eg treng snakka med dei, kan eg gjera det utan at eg røyker.

Kunne gjerne stemt på Frp

Politikarane snakkar om røyking medan #rogavalg-bussen er på besøk på Dalane vidaregåande skule i Egersund. Sindre Sør-Reime bore (16) er ein av mange elevar som røyker i friminutta.

– Det er dyrt med røyk, altfor dyrt, det burde vera billigare, meiner han.

16-åringen bryr seg ikkje om at han må ut for å røyka, og likar røykelova. Forbod mot tipakninga forstår han seg derimot ikkje på.

– Eg kjøper ikkje tipakningar. Bryr meg ikkje, seier han, som gjerne kunne stemt på Frp for å få billegare røyk.

– Og eg ville hatt 16-årsgrense, meiner han.