Hopp til innhold

– Røldal bør ikkje gå over til Suldal

Bygdefolket i Røldal er splitta i synet om dei bør skifta kommune. Men Odda-ordføraren er krystallklar: – Røldal skal vera ein del av Odda.

John Opdal Odda

Odda-ordførar John Opdal meiner det er gode grunnar til Røldal framleis skal vera ein del av Odda kommune og ikkje gå over til Suldal.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Røldal var eigen kommune fram til 1964. Etter det har fjellbygda vore ein del av Odda kommune.

Men det siste året har fleire bygdefolk i Røldal uttrykt stor misnøye med å tilhøyra Odda og tatt til orde for å gå over til Suldal.

I lokalavisa blir skulekutt og tapte kampar om vegstrekningar trekte fram som årsaker til opprøret.

– Røldal viktig for Odda

Men Odda-ordførar John Opdal (H) meiner det er gode grunnar til at Røldal bør bli i Odda.

– Røldal er ei viktig bygd for Odda, og eg ønsker at Røldal framleis skal vera ein del av Odda kommune, seier ordføraren.

Han trekkjer også fram Røldal skisenter, som han reknar som eit fyrtårn for turistnæringa ved sidan av Trolltunga.

– I tillegg har Røldal ein kraftproduksjon som er svært høg. Røldal har vore ein del av Odda i 50 år, og eg håpar at bygda er med oss i framtida.

(Artikkelen held fram under bilete).

Flotte forhold ved Røldal Skisenter

– Røldal skisenter er viktig for Odda kommune, meiner ordførar John Opdal.

Foto: Røldal Skisenter

Mest støtte til Odda på butikken

Ingunn Kvåle

Ingunn Kvåle er butikkmedarbeidar på Coop-butikken i Røldal. Ho ser helst at Røldal blir i Odda kommune.

Foto: Magnus Stokka

Dei store kraftinntektene gjer Røldal attraktiv for andre kommunar. Ei arbeidsgruppe ser nå på moglegheitene for ei framtid i ein annan kommune for skibygda.

Men ut frå meiningane til dei NRK trefte på ved handelslaget i Røldal sentrum, bør ikkje bygda skifta kommune.

– Eg meiner Røldal høyrer til Odda. Vegen ned til Suldal manglar mykje på at den er farbar til alle tider. Det går både snø- og steinras, seier Ola Seim.

– Det er positive og negative sider med begge deler. Rasfaren har me uansett, anten me skal til Odda eller Suldal, meiner Anne Kjersti Sandal.

– Eg er aldri nede i Suldal eller Sand. Odda er eit meir naturleg sentrum, så eg håpar det blir slik det er, seier Ingunn Kvåle.

Open for dialog

Torkel Myklebust

Ordførar i Suldal, Torkel Myklebust (Sp).

Foto: Thomas Halleland / NRK

Ordførar i Suldal, Torkel Myklebust (Sp), har hatt besøk to gonger av arbeidsgruppa frå Røldal. Og han avviser ikkje fjellbygda som ein framtidig del av kommunen sin.

– Me er positive til ein prat med Røldal og har ikkje sterke argument mot at Røldal kan søka mot Suldal. Me har presisert at dersom Røldal skal til Suldal, må me ha ein open og god diskusjon med Odda kommune om det, seier ordføraren i Suldal.

– Me får la prosessen gå, men mi klare meining er at Røldal framleis skal vera ein del av Odda kommune, seier Odda-ordførar John Opdal.