Hopp til innhold

– Rogaland klarer ikkje å nå klimamåla

Det er små moglegheiter for at den vedtatt fylkesplanen for klimareduksjon blir oppnådd i tide.

Bilkø på motorveien

Innan 2020 skal Rogaland etter planen redusera utsleppet av klimagassar, mellom anna frå bilar, med 750.000 tonn CO2.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

Fylkesordførar Janne Johnsen (H) meiner det er små mulegheiter for å nå måla for reduserte klimautslepp. Det sa ho i fylkestinget tysdag.

Måla ligg i fylkeskommunen sin eigen plan, vedtatt i 2010. Planen går ut på å redusera utsleppet av klimagassar tilsvarande 750.000 tonn CO2 innan 2020.

Janne Johnsen

Janne Johnsen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Har ikkje statistikk

– Det er vanskeleg å seie sikkert, for SSB lagar ikkje statistikk som går på fylkes- og kommunenivå når det gjeld utslepp av klimagassar, seier Johnsen.

Heller ikkje når det gjeld utbygging av fornybar energi trur fylkesordføraren det er råd å nå målet. Målet er fire terawatt ny fornybar energi innan 2020.

Målet om ny vasskraft, gjennom småkraftverk, ligg derimot an til å bli nådd.

Fekk ikkje ny plan

Det var partiet Venstre, ved Svein Abrahamsen, som stilte spørsmål om korleis det ligg an med å oppfylle klimareduksjonsmåla i fylket sin eigen plan.

Han bad også om at den eksisterande vindkraftplanen blir revidert, men fekk ikkje fleirtalet i Fylkeskommunen med på det.