Hopp til innhold

Norsk fantasy frå tida då svartedauden og troll herja landet

Regissør Paul Magnus Lundø skal nå i gang med innspelinga av den nye norske filmen «Skumringslandet». Han seier at Rogaland-landskapet er som skapt for den fantasyinspirerte filmen hans.

Paul Magnus Lundø

Paul Magnus Lundø har jobba i norsk og tysk film, og får sin skikkelege regissør-debut med 'Skumringslandet'.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Tanken er at dette skal bli ein slags krimthriller med element av fantasy.

Det seier Paul Magnus Lundø frå Hauge i Dalane i Rogaland, han har allereie hanka inn fleire profilerte skodespelarar til filmen han håper blir å sjå på norske kinolerret neste påske.

Basert på røynda

Historia er lagt til året 1349 og er eit resultat av aktiv leiting i lokale historiebøker.

– Eg falt for historia om Olavsklosteret, eit kloster i Rogaland som blei rive i mellomalderen utan nokon veit nøyaktig kvifor. Det finst fleire mytar om kvifor klosteret blei rive og det er desse mytane filmen spinn rundt, seier Lundø.

Dermed er det duka for ein ny norsk film der troll spelar ein sentral rolle, men også svartedauden er ein ingrediens for å gje den rette stemninga i «Skumringslandet».

Les òg:

Lokalt forankra

At Lundø leita etter historier frå heimfylket sitt er ikkje tilfeldig.

– Eg er patriot på min hals, og meiner dessutan at det er meir sjel i lokalt forankra historier, seier han.

Derfor vil også filminnspelinga som byrjar i august berre skje i Rogaland.

– Landskapet her er så variert at ein ikkje treng flytta seg langt for å få det ein treng. Rogaland ber om å bli laga film i.

Innspelinga vil skje frå Sør-Rogaland og så langt nord som Mosterøy. Det blir også vurdert om nokre scenar skal skytast på Avaldsnes på Karmøy.

Noko heilt anna enn «Trolljegeren»

I fjor lot det norske kinopublikumet seg begeistra for trolla i den norske filmen «Trolljegeren». Denne filmen vil likevel bli noko heilt anna seier regissøren:

– Eg hadde jobba lenge med denne filmen då «Trolljegeren» kom, og var litt redd for at publikum skulle bli metta på troll. Men utanom troll er det fælt lite likskapar mellom desse to filmane, så eg trur nok at det skal gå bra.

Paul Magnus Lundø seier at han tar sikte på å laga ein film som er unik i sitt slag, og at det blir gjort eit par banebrytande grep.

– Me vil laga ein film som er storslått i sitt uttrykk trass dei avgrensingane budsjettet sett, seier Lundø.

Nå ser han fram til å setja i gang filminga etter år med planlegging.