– Dei treff dårleg med ledigheitstiltak

Regjeringa kuttar i pengepotten som skal gå til tiltak for å motverka arbeidsløyse. Nokon av dei som er misnøgde er ingeniørane si fagforeining NITO.

Dag Rune Brekke

UROLEG FOR INGENIØRANE: Avdelingsleiar i NITO Rogaland, Dag Rune Brekke, saknar målretta tiltak for å få ingeniørar tilbake i arbeid.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me treng tiltak som treff betre enn det regjeringa i dag legg fram dersom arbeidsløysa skal gå ned for ingeniørane. I Rogaland er det nå sju prosent arbeidsledige av i medlemsmassen vår, seier avdelingsleiar i NITO Rogaland, Dag Rune Brekke til NRK.

Han snakkar om tiltakspakka på fire milliardar kroner som regjeringa har lagt inn i Statsbudsjettet 2017. Ei pakke som skal verka som medisin mot den høge arbeidsløysa, som spesielt har råka Sør-Vestlandet etter nedgangen i oljenæringa. Ein stor del av pengane skal gå til vedlikehald i kommunane.

Anniken Hauglie, arbeids- og sosialminister

Arbeids- og sosialminister, Anniken Hauglie, presenterte i dag tiltakspakka på Haugesund stadion i Rogaland, som er fylket som er hardast råka av oljenedturen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Saknar konkrete tiltak

NITO har kome med konkrete forslag som ville engasjert fleire ingeniørar, men dei saknar desse i budsjettet.

Torstein Tvedt Solberg

Torstein Tvedt Solberg (Ap) meiner at regjeringa ikkje vil lukkast med å få ned arbeidsløysa med tiltakspakka som blei presentert i dag.

Foto: NRK

– Me snakkar til dømes om elektrifisering av ferjer, eit nybygg for innovasjon- og teknologibransjen ved UiS, og innanfor vatn og avløp finst det store behov, seier Brekke.

Han får støtte i kritikken frå opposisjonspolitikar Torstein Tvedt Solberg (Ap), som dessutan meiner at regjeringa bruker for lite pengar på denne posten.

– Eg er skuffa. Me ser at lediggangen får bita seg fast på eit rekordhøgt nivå, trass dette har regjeringa barbert tiltakspakken med ein milliard kroner, seier Torstein Tvedt Solberg, som er stortingspolitikar frå Arbeidarpartiet.

Han viser til at regjeringa i 2016-budsjettet la inn fem milliardar kroner i ei tilsvarande pakke, den siste milliarden kom rett nok først inn i det reviderte budsjettet.

Ikkje samd i kritikken

– Nok ein gong får me ei tiltakspakke som ikkje evnar å snu den negative trenden som ein har sett over lang tid, der folk ikkje kjem tilbake til arbeid eller utdanning, seier Tvedt Solberg.

Arbeids- og sosialminister er ikkje samd i kritikken. Ho meiner at budsjettet er bra.

– Det som er viktig er at dei som mister jobben får seg ein ny jobb, men me gjer det også lettare for arbeidsledige å kombinera dagpengar med utdanning og det å skapa ei eiga bedrift. I tillegg så har me viktige tiltakspakkar som gjer at bedrifter kan halda fram med å driva og kanskje til og med utvida, seier Hauglie.

Tiltakspakka er om lag den same som 2016.

– Dei kjem med mykje kritikk og retorikk, men me har store satsingar på omstilling i dette budsjettet, seier ho.