Vil ha flomlys i sentrum for å koma bybråket til livs

Den norske drikkekulturen gjer at fleire i politiet kvir seg for å patruljera i sentrumsområda. Nå føreslår politiet i Stavanger flomlys i sentrum for å betra situasjonen.

Politiet i patruljerar i Stavanger

LAURDAGSKVELD I STAVANGER: Fyll og spetakkel pregar helgane i Stavanger som så mange andre byar i landet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg veit at tenestefolka mine ikkje trivst med å gå i sentrum. Dei må passa på fulle folk, transportera inn fulle folk og skriva meldingar for ordensforstyrringar, seier politistasjonssjef Odd Tveit Jørgensen. i Stavanger.

Han opplever den norske drikkekulturen som eit aukande problem for politiet spesielt og samfunnet generelt.

Få opp eit skikkeleg flomlys slik at ingen kan gøyma seg vekk.

Odd Tveit Jørgensen, politistasjonssjef i Stavanger

– Ikkje ein by verdig

To helgar på rad har fyllearresten i byen hans vore full, han meiner tilstandane nå er så galne at det må setjast inn tiltak:

– Det er ikkje ein by verdig å ha det slik. Men det er ikkje berre fleire politifolk som kan gjera noko med dette, om me hadde hatt dobbelt så mange politi hadde det framleis vore full og bråk, seier Tveit Jørgensen.

Han peiker heller på andre ting han meiner kunne blitt prøvd ut for å koma den utagerande drikkekulturen til livs.

Jørgensen og Hernes

VIL FINNA EI LØYSING: Både politiet og politikarar i Stavanger meiner det må gjerast noko for å redusera helgebråket. Frå venstre: Politistasjonssjef Odd Tveit Jørgensen og Tveit Jørgensen (H).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil ha flomlys i sentrum

Eit av desse er flomlys i sentrum:

– Få opp eit skikkeleg flomlys slik at ingen kan gøyma seg vekk, seier politistasjonssjefen.

Eit forslag politikarane også finn interessant:

– Det kunne vore spanande å testa ut kva som ville skjedd om me fekk eit kraftig lys som gjekk på i sentrum etter serveringsstadene stengde dørene. Slik at alle ville kjenna det som om dei var på utstilling, seier leiar for skjenkeutvalet i Høgre Stavanger John Petter Hernes.

Han definerer den norske drikkekulturen med at me ikkje drikk så mykje, men heller alt på ein gong.

Han har også andre idear enn flomlys til korleis skadeomfanget helgefylla fører med seg kan reduserast.

Ser til Sverige

– Me har sett til Sverige og Stockholm der dei har redusert både vald og promille med meir politi og strengare skjenkjekontroll, seier han.

Likevel understrekar han at utelivsbransjen ikkje må hengjast ut i debatten.

– Fleire er fulle når dei kjem til byen og har ikkje planar om å gjera andre ting enn å rava rundt, seier Hernes.

Video b7413c71-8bc7-4520-864d-7a6c82f74519.jpg

IKKJE ALLE GÅR PÅ SERVERINGSSTADENE: Ifølgje John Petter Hernes som leiar skjenkeutvalet i Stavanger kjem mange til byen fulle utan planar om å gå inn på serveringsstadene.