Hopp til innhold

– Pilene peikar framleis nedover

Statoil taper titals milliardar, noko som får ringverknader for oljenæringa. – Me risikerer nye rundar med reduksjon og bemanningskutt, seier professor Klaus Mohn.

Klaus Mohn er professor ved handelshøyskolen på Universitetet i Stavanger

Professor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger seier resultatet til Statoil er svekka, men om lag i tråd med forventningane.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Rekneskapsmessig ei svekking, men om lag i tråd med forventningane. Samstundes vitnar resultatmeldinga om at det går føre seg mykje godt arbeid med å forbetra resultatet i tida som kjem.

Slik kommenterer professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, resultatet Statoil la fram torsdag.

Det viser at Statoil nesten halverte driftsresultatet i fjerde kvartal samanlikna med året før.

Ein oljepris i fritt fall og store nedskrivingar gjorde at selskapet tapte titals milliardar i 2015.

Professor Mohn meiner det som får størst konsekvensar for samfunnet er at Statoil held fram med investeringskutt.

– Selskapet kutta 20 prosent i investeringsaktiviteten i fjor og kjem nok til å kutta ytterlegare 10 prosent i år. Dermed peikar nok pilene framleis nedover på norsk sokkel og me risikerer nye rundar med aktivitetsreduksjon og bemanningskutt.

– Betyr meir for leverandørindustrien

Eldar Sætre presenterer resultater for første kvartal 2015

Konsernsjef Eldar Sætre i Statoil.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

For dei tilsette i Statoil sin del trur Mohn mykje er unnagjort når det gjeld bemanningskutt, sjølv om selskapet ikkje er heilt i mål med nedbemanninga.

– Dette kan nok bety meir for leverandørindustrien der det framleis ikkje er mykje lys i tunnelen.

For året under eitt er Statoil-resultatet frå sjølve drifta nesten halvert som følgje av ein oljepris i fritt fall, ned frå 136 milliardar til 77 milliardar kroner.

– Heile vår industri er prega av ein relativt svak marknad i fjerde kvartal. Samtidig er resultata prega av at me har god framgang i vårt forbetringsarbeid, seier konsernsjef Eldar Sætre i ein kort kommentar til NRK i London.

– Har Eldar Sætre grunn til å vera fornøgd, professor Mohn?

– Det er litt vanskeleg å evaluera fordi ein del av forbetringsprogramma som selskapet offentleggjer ikkje er lette å etterprøva. Men det er mykje som tyder på at arbeidet går i rett retning, så får me håpa det viser igjen på resultata i tida som kjem.