Hopp til innhold

– Over 20 grader tysdag og onsdag

Det blir sol og sommar også neste veke.

Sol og sommar på Solastranda

Det kan bli fint og varmt på stranda den kommande veka, spesielt tysdag og onsdag. Bilete er frå Solastranda i juli i fjor.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– I dag, søndag, er det vente uendra dagtemperaturar i Rogaland. Altså opp mot 20 grader, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød, til NRK.

Han har godt nytt å komma med for dei som håpar på meir sol den kommande veka.

– Det ser ut til at me går mot ei veke med mykje sol. Det blir litt høgare dagtemperaturar ut over veka. Tysdag og onsdag ser ut til å bli varmast, med sjansar for over 20 grader.

Det er også venta svak vind den kommande veka. Dei første dagane blir det nordavind i Rogaland, noko som betyr at det er dei indre strøka som får dei høgaste dagtemperaturane, ifølge meteorologen.

– Seinare i veka blir det meir sørleg vind. Då blir det gode temperaturar også i kyststrøka, seier Granerød.

Meteorolog Granerød listar opp tre gode makstemperaturar frå Rogaland i går, laurdag:

  • Sauda: 19,8
  • Vats, Vindafjord: 19,2
  • Våland, Stavanger: 18,6