Hopp til innhold

– Om eg kastar opp, då blir VM bra!

Dersom Henrik Ingebrigtsen kastar opp åtte dagar før han skal springa i VM, er han sikker på at det går bra i Beijing.

VM i Bejing er rett rundt svingen for Henrik Ingebrigtsen fra Sandnes. Hans store mål er å ta medalje på 1500 meter neste helg. Og gjør han det, vet han akkurat hvilken belønning han skal unne seg selv.

SJÅ REPORTASJEN: Henrik Ingebrigtsen er reiser snart til Beijing. NRK vart med han heim eit par dagar før avreise.

På torsdag reiser Henrik Ingebrigtsen til Beijing for å, forhåpentlegvis, ta medalje på 1500 meteren neste helg.

– No får eg nokre fine dagar i Sandnes før eg reiser. Eg har gjort all den treninga eg skal, så no handlar det berre om å prikka inn dagsforma slik at eg er hundre prosent når eg står på startstreken neste torsdag, seier Ingebrigtsen.

Trur på medalje

Ingebrigtsen er det største medaljehåpet Noreg har i Beijing. For to år sidan kom han på åttande plass i VM, eit løp av han har lært mykje av.

– Ut av svingen i det løpet kunne eg ta på han som tok bronsen. Eg var heilt der oppe, men eg mangla det siste vesle for å halda ut dei siste hundre meterane. Det trur eg at eg har i år, seier han.

Vil kasta opp

Fram mot avreise på torsdag er det rolege dagar heime. Treningsøktene er unnagjort, sett vekk frå éi økt. Ei knallhard intervall-økt dagen før avreise.

– Då spring eg ti 300-metersløp med 90 sekund pause mellom. Eg startar litt roleg, på verdsrekordfart, og så aukar eg farten. Går økta skikkeleg bra, då kan eg risikera å kasta opp etterpå.

– Så om du kastar opp på onsdag, då blir det bra i Beijing?

– Ja, då blir det kanon!

Ingebrigtsen

FLAGGJUBEL? Kan Henrik Ingebrigtsen jubla etter VM?

Foto: Heikki Saukkomaa/Lehtikuva / NTB scanpix